Herold

- Ny postlov vil føra til dårlegare posttilbod

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan-Egil Dyvik Published: 2025-12-29 16:14:00
- Ny postlov vil føra til dårlegare posttilbod

Vaksdal kommune er uroa over at forslaga til endring i Postlova vil føra til at posttilbodet i distrikta vert svekka. Det går fram av ein uttale som eit samla formannskap stilte seg bak nyleg.

Forslaget til ein slik uttale kom som eit fellesforslag frå Sp, Sp og Ap.

Vil råka sårbare grupper

- For ein kommune med spreidd busetnad og avgrensa kollektivtilbod er eit godt og føreseieleg posttilbod framleis viktig for innbyggjarane, næringslivet og frivillig sektor, heiter det.

Difor meiner kommunen at redusert leveringsfrekvens vil råka sårbare grupper særleg hardt, mellom anna eldre og personar som av ulike grunnar ikkje kan nytta digitale løysingar fullt ut. Endringane kan også få negative konsekvensar for lokal næringsverksemd som er avhengig av trygg og effektiv postdistribusjon.

- Ber om distriktsomsyn

- Kommunen er også oppteken av at endringar i posttenestene ikkje må svekkja beredskap, informasjonsflyt eller samfunnstryggleiken i distrikta. Likeverdige tenester i heile landet må vera eit grunnleggjande premiss, også i vidare utvikling av postsektoren, heiter det.

Vaksdal kommune ber difor om at distriktsomsyn og geografiske forhold vert vektlagde sterkare i det vidare arbeidet, og at staten tek ansvar for å sikra eit likeverdig og tilgjengeleg posttilbod i alle delar av landet, går det fram av uttalen.

Utkastet til ny lov:

Utkastet til ny postlov er for tida på høyring, med høyringsfrist 20. januar 2026. Eventuell endringar i loven kan tre i kraft tidlegast frå 2027.

Endringar i loven er mellom anna levering av brev ein dag i veka, aviser minst tre dagar i veka. Innbyggjarar som ønskjer levering av brev meir enn ein gong i veka, må velja å få posten til eit postpunkt, som til dømes ein butikk. Det kan innebera lenger reiseveg for mange.

Hovudmålet med endringane er å tilpassa posttenestene til eit kraftig fall i brevmengda og samstundes spara staten for store kostnader. Loven skal sikra at alle innbyggjarar, inkludert dei i distrikta, har tilgang på eit grunnleggjande posttilbod i heile landet, tilpassa dagens behov.

Høyringa med lovutkastet kan ein sjå ved å klikka her

🏷️ Extracted Entities (3)

Sp (entity) Ap (entity) Postlova (entity)