Herold

Vil ha forbod: – Ser det same kvart år

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Hanne Stedje Published: 2025-12-29 11:54:12
Vil ha forbod: – Ser det same kvart år

– Tida er overmoden for eit forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri.

Det seier Ole Irgens, som er pressesjef i Tryg Forsikring.

I ei pressemelding peikar han på at skadestatistikken for fyrverkeri ikkje viser nokon tydeleg nedgang og meiner at risikoen for både brann og personskadar no er så godt dokumentert at privat oppskyting av fyrverkeri bør vera forbode til fordel for offentleg organiserte markeringar.

Alvorlege skader

– Kvar nyttårsaftan ser me at kombinasjonen av eksplosiv, alkohol og manglande erfaring fører til alvorlege personskadar og kostbare brannar. Tida er overmoden for eit forbod, seier Irgens. Han tek til orde for at ansvaret for nyttårsfeiringa vert flytta frå privatpersonar til profesjonelle aktørar, slik ein har gjort i fleire andre land.

Trass i at det kvart år vert sett i verk informasjons- og haldningskampanjar, syner tal frå helsevesenet at talet på alvorlege skader held seg relativt stabilt. Ifølgje tal frå Haukeland universitetssjukehus og andre augneavdelingar, er det registrert godt over 100 augeskadar som følgjer av fyrverkeri i Noreg sidan 2017.

I snitt vert mellom ti og 15 personar utsett for augeskadar kvar nyttårsaftan, fleire av desse er alvorlege og kan gje varig synstap. Unge menn er overrepresentert og manglande bruk av vernebriller går att. Tala tyder på at me ikkje kjem i mål med haldningsarbeid åleine, seier Irgens.

Han viser også til tal frå Direktoratet frå samfunnstryggleik og beredskap, som syner at brann- og redningsvesenet dei siste sju åra har rykka ut til over 200 brannar som følgjer av fyrverkeri, 90 av dei har vore brannar eller branntilløp i bygningar.

Etterlyser politisk handling

– Byar og tettstader med trehusbusetnad er skadepotensialet stort. Ved turre og vindfulle forhold aukar faren for brannspreiing monaleg og ein einskild rakett på avvege kan gjera stor skade på bustad og verdiar, meiner Irgens, og etterlyser politisk handling.

– Tryg Forsikring oppmodar myndigheitene til å vurdera eit nasjonalt forbod mot privat bruk av fyrverkeri. Me ynskjer ei trygg feiring for alle. Ved å overlata oppskytinga til profesjonelle pyroteknikarar i kommunal regi, kan me bevara tradisjonane, samstundes som risikoen for brann og personskade vert kraftig redusert.

Til eit eventuelt forbod er på plass, oppmodar Irgens alle om å ta naudsynte forholdsreglar

– Bruk vernebriller, både den som fyrer opp og den som ser på. Hald god avstand til oppskytinga, tenn aldri på fyrverkeri på nytt dersom det ikkje har tent ved første forsøk og ikkje minst: ver edru!

🔗 Related Articles (4)

View Graph
– Tiden er overmoden for et forbud
Dagsavisen · 2025-12-29 09:35:59
Forbud Forsikring Fyrverkeri Innenriks Nyheter Nyttårsaften Skader Frende Forsikring Helge Skjerven Ari Soilammi Brannvernforeningen DSB Direktoratet Kantar Norsk Fyrverkeriforening Ole Irgens Tryg Forsikring
Halvparten er bekymret for skader fra fyrverkeri nyttårsaften
Nettavisen · 2025-12-29 09:20:55 +
Frende Forsikring Helge Skjerven Ari Soilammi Brannvernforeningen DSB Direktoratet Kantar Norsk Fyrverkeriforening Ole Irgens Tryg Forsikring
Halvparten er bekymret for skader fra fyrverkeri nyttårsaften
ABC Nyheter · 2025-12-29 09:11:07
nyheter BRANN Fritid Helsevesen Høytider Innenriks Livsstil Medisin og helse NTB Norge Nyheter Nyttår POLITIKK Reiseliv Startsiden Ulykker fri- og høytidsdager helse og medisin livsstil og fritid offentlig fridag regjeringsplattform samfunnssikkerhet ulykker og naturkatastrofer DSB Helge Skjerven Tryg Forsikring Ari Soilammi Brannvernforeningen Direktoratet Frende Forsikring Kantar Norsk Fyrverkeriforening Ole Irgens

🏷️ Extracted Entities (5)

Ole Irgens (person) Tryg Forsikring (organization) Direktoratet (entity) Haukeland (place) Noreg (entity)