Takka vere ho, kunne vi ligge lenge i den varme senga vår
No er det jul igjen, og det er vel inga tid på året som er meir søkklasta med tradisjonar enn jula.
Mor og jula
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Mørketida og kulda gjer at vi er meir saman inne i husa. Dette styrkar banda våre til kvarandre. Vi fyrer i omnen, tenner lys og lagar god mat saman. Det skjerpar sansane våre og gjer sitt til at vi ser fram mot jula med glede og forventning.
Ein av dei mange julesongane som gir oss julestemning er Alf Prøysen si «Julekveldsvise» Det er mormor si, ho Mathea Kristiansdatter, han tenkjer på når han skriv denne visa. Mathea vart tidlig enke og satt att med sju små jenter. Seks av jentene måtte Mathea sette bort på legd. Den yngste jenta bar ho med seg rundt omkring på gardane der ho måtte ta på seg strøjobbar for å overleve. Lettast var det sjølvsagt å få arbeid i juletida, for då hadde alle tenarane fri. Alf si mormor var kalla for Matja i daglegtale. Og Alf, som var ein kløppar til å skrive om dei nære ting, henta inspirasjon frå Matja sitt liv både når han skriv «Julekveldsvisa» og når han skriv om henne i «Matja Madonna». Akkurat slik som Alf skriv i «julekveldsvisa» var det heime hos oss på Nyjorda også.
Når julekvelden kom, var golvet vaska og veden bore inn. Julestjerna, som var av papir, hadde hengt i stovevindauget vårt sidan første søndag i advent. Mor Borghild likte ikkje mørketida, difor var ho ein av dei første i den vesle bygda vår som hengte opp julestjerna. Mor ville ha lys. Slik som Matja, hadde mor Borghild også sju ungar, men ho var ikkje enke. Begge var det ein kan kalle ein «kvardagsslitar», og ikkje alle forstod verdien av arbeidet dei gjorde. Han Alf hadde ho Matja, og vi hadde ho mamma. Begge to gjekk stille gjennom livet. Arbeidsinnsatsen deira gav ikkje noko fortenestemedalje, den var både underkjent og undervurdert.
Det kan godt vere at vi hugsar best det som var mest idyllisk og positivt, men heldigvis er det slik. Så langt eg kan hugse attende, vakna vi ungane kvar einaste julaftan morgon av den gode knitringa frå omnen på kjøkkenet. Dei tre eldste søskena hadde flytta heimanfrå og budde andre stader. Dei fire yngste var att heime, eg er nest yngst.
Det var godt og varmt i huset. Mor Borghild hadde som vanleg vore tidleg oppe og fyrt i omnen. Torv og tyrirot var bore inn i ein stor sinkbalje og lagt over i vedkassa. Det lukta kaffi og terpentin. Kaffikjelen var blankskura og rein, og stod med nytrekt kaffi i på ei side av omnen der det ikkje var så varmt. Den måtte ikkje «koke over», men skulle halde på varmen til mor kom inn att frå fjøset. Terpentinlukta hang lenge i frå det nymåla gråe kjøkkengolvet og saman med kaffilukta, var dette julelukta framfor alt i huset vårt.
Mor hadde dekt på frukostbordet før ho gjekk for å stelle dyra. Ho unte seg alltid ein kaffisup og ei lita skive nybakt julebrød med myssmør på før ho gjekk i fjøset på julaftanmorgonen. Ho hadde lagt ein fin kvit, nystroken duk på bordet og det var pynta med raude, tvinna stearinlys som stod i ein lysestake av tre. Ho hadde bakt brød kvelden før, både kveitebrød med sukat og rosiner og grovbrød. Så hadde ho koka egg.
Eg låg i senga mi på sovekammerset ved sidan av kjøkkenet og kjende på kor godt det var å ha det slik denne morgonen. Eg strekte meg, så lang eg var, på halmbolsteren som hadde fått reine kvite sengeklede no til jul. Håret lukta reint det òg av Sunlight såpa som vi hadde nytta då vi bada i stampen kvelden før. No kunne eg ligge der å glede meg til å stå opp til julaftanfrukost, der alt var heimelaga, både brødet og pålegget. Lenge før jul og allereie tidleg på hausten hadde mor Borghild starta med førebuingane til julehøgtida. Ho hadde sanka bær, klipt sauer og spunne ulla til garn som ho strikka klede av. Ho hadde klipt mattefiller slik at ho Letta på Bakkå kunne veve nye golvmatter til finstua hennar til jul. Ho hadde vaska rundt i heile huset med godt varmt grønsåpevatn og sett til at alle fekk nye finsko og klede til jul.
Vi ungane var mykje saman med mor Borghild i dette arbeidet. På den måten lærte ho oss det meste. Mor Borghild var glad i både dyra og menneska rundt seg. Ho hadde alltid noko å servera til kaffien om ho fekk besøk. Var det småungar med på besøket, kunne ho lage «mus» til dei av små tøystykke som ho hadde for handa, til dømes eit reint lommetørkle. Så kunne ho ta fram ein knapp med to hôl i og tre ein hyssing gjennom hôla. På den måten laga ho ei artig leike som det ikkje var så mange andre som hadde. Ho kunne finne ei lita papp-plate, klippe den rund og sette ein blyant midt i slik at vi fekk ein snurrebass vi kunne leike med. Slik kunne ho finne fred ei lita stund og nyte ein kaffikopp utan at ungane masa.
Desse små stundene som vi hadde saman med mor, og dei gode minna vi har om dette, er noko av det vi tenkjer tilbake på kvar einaste jul med varme i hjartet og ein tåre i augekroken. Vi forstod ikkje den gongen verdien av det mor Borghild ga oss eller alt slitet som låg bak. Først no, når vi sjølv er vaksne og har laga minne til våre eigne barn, veit vi kor viktig dette arbeidet var og kor slitsamt det måtte ha vore på den tida utan alle dei gode hjelpemidla vi har no.
Medan eg låg der i senga på kammerset og venta på mor, hadde ho for lengst teke på seg fjøskleda og skautet, henta den reine mjøkespanna og mjølkesilen og gått til fjøset for å stelle dyra. No satt ho på fjøskrakken og lente hovudet inn mot den gode og varme kuvomma. Dei vande fingrane fann fort fram til kuspenane i halvmørkret og mjølkespruten laga ein kjend melodi i sinkbøtta. Medan ho satt slik, fekk ho tid til tenke over at ho var glad for at ho hadde hatt helse til å komme i mål med alt ho skulle gjere unna til jul også dette året.
Ho hadde venta så lenge som mogleg med julebaksten, for ho måtte finne nye, lure gøymestader for småbrøda slik at ikkje ungane skulle ete opp alt før jula kom. Ho hadde baka store haugar med julebakst. Sirupsnittar med mandel i, smultringar og tørre vaflar. Kakeboksane vart for små, så ho fann fram store, tomme meierispann som ho la baksten i.
Kyrne stod stille og nappa i tørrgraset som ho hadde bore inn i krubba til dei. Dei kasta på hovuda sine og såg fornøgde på mor Borghild med dei store blåe augene sine når dei fekk god mat og godt stell.
Medan ho satt og mjølka og kjende varmen frå kua, kom ho også til å tenke på kor godt ho syntes ho sjølv hadde hatt det i jula då ho var småjente.
Ho fortalde oss at ho hugsa godt at far hennar tok på seg den fine kvite brokadevesten sin kvar julaftan. Det var langt å gå til kirke, difor gjekk dei berre utanfor husveggen ein tur for å høyre når kirkeklokkene ringte jula inn. Etterpå gjekk dei andektige inn att for å ete den gode risengryngrauten som mor hennar hadde koka. Denne kvelden tok dei seg råd til å bruke mjølk med fløyte i når dei kokte grauten og difor smakte den så utruleg godt. Alle fekk også eit stort smørauge i grauten og godt med sukker og kanel på. Etter måltidet las far hennar juleevangeliet og ho mintest at ho tykte han var så fin der han satt med brokadevesten på. Etter å ha kvilt seg litt etter måltidet, tok far Tore fela si ned frå spikaren den hang på.
I skinet frå oljelampa og dei heimestøypte stearinlysa drog han bogen over strengane og spelte for familien sin. Slik kunne mor Borghild hugse at barneauga hennar vart fylde med gledestårar. Ho såg at dei såre, harde, arbeidsnevane til far Tore kunne trylle fram fine melodiar på den gamle og slitte fela.
Ho mintes dette så godt no der ho sat på den skeive fjøskrakken og drog i kuspenane. Ho tenkte også på dei små syskena sine som ikkje fekk vekse opp. Noko juletre var det ikkje i den vesle stova deira, for det var berre slett myr rundt huset der dei budde den gongen, men dei hadde nyplukka einebar på trappa. Mor Borghild brukte å ha einebar på trappa vår også når det var jul.
Minna frå hennar eigen barndoms jul kom så sterkt fram for ho den morgonen, medan ho stelte med dyra. Det var vel mørketida som gjorde at ho vart nostalgisk akkurat no.
Raslinga som kom så brått, då ei ku-grime datt ned på fjøsgolvet, kvepte henne der ho satt og drøymde seg bort. Mjølkespanna var allereie full av mjølk. Det skrangla litt i mjølkesilen då ho legg i ny silvatt, dermed kjem Monsemann straks luskande langsetter fjøsgangen og veit at han snart skal få ein silsup han òg.
Mor Borghild let ikkje tankane ta overhand, men ho deler dei med oss seinare på kvelden. Ho skunda seg for å bli ferdig med fjøsstellet, det var mange som venta på ho i dag.
Det «varer og rekk» før mor kjem inn att frå fjøset, for ho vil gje dyra ekstra godt stell i dag på sjølvaste julaftan. Ho dreg ned litt meir høy og legg i krubbene før ho går inn att til huset og kjellaren der ho sett mjølka til kjøling i ein stor stamp med kaldt rennande vatn. Så vaskar ho mjølkestellet grundig slik at det er klargjort til kveldstellet. Ho heng av seg fjøskleda og tek med seg potet og grønsaker frå potetkjellaren med det samme ho er der. Det første ho gjer når ho kjem inn på kjøkkenet er å leggje meir torv i omnen. Så vekkjer ho dei som enno søv. Ho tek bort kledet som ho hadde lagt over dei reine koppane på det nesten ferdigdekte bordet. Frå spiskammerset hentar ho fram sauerullen, grisesylta og leverposteien som ho har laga før jul. Godt heimelaga smør og syltetøy som ho har laga av hagebæra ho plukka i haust, finn plassen sin på bordet saman med skiva egg og juleansjos, som er det einaste pålegget som er kjøpt i butikken. Heile familien samlar seg rundt kjøkkenbordet til julefrukost. Det sotar litt frå veiken i flammen som kjem frå dei tvinna raude stearinlysa og det er jul. Etter frukosten hjelper alle til med å rydde av bordet, for no skal ungane hjelpe til med å lage juledesserten som er fruktsalat, himmelsk lapskaus. Vi må skjere opp epla og skrelle appelsinane. Appelsindufta spreier juleduft i huset den òg. Er vi heldige har vi fått kjøpt druer til jul. Det er ikkje kvart år dei sel druer på butikken vår. Dei hermetiserte gråpærane ligg ferdig i lake i Norgesglasa, og vi finn fram rosiner og har oppi dessertskåla. Besta kjøpte alltid fiken til oss til jul, og det blir ikkje skikkeleg fruktsalat utan fiken. Vi skjer den opp med ein liten kniv. Vi får lov til å sleike på kniven når vi er ferdige, for den er full av søte, gode, klissete fikenfrø. Til slutt lirkar vi opp valnøtteskala med ein tollekniv og tek vare på skala til seinare bruk. Nøttekjøtet havnar i dessertskåla. Vi lagar julemus av dei halve nøtteskala og teiknar på auger med kopiblyant. Vi limar på svarte stofføyre og hale. Nøttemusene blir fin pynt på middagsbordet.
Mor har satt julesteika inn i steikeomnen på den elektriske komfyren og auser med jamne mellomrom sjy over steika slik at den ikkje tørkar opp. Den skal stå i omnen og godgjere seg i mange timar. Ho får god hjelp av dei eldste ungane som skrellar potet og grønsaker til middagen. Mor har laga bruning til saus fleire dager i forvegen. Den står klar i spiskammerset med feittlokk over seg. Etter ein liten kvil og ein kaffitår med ein smultring til, sett ho i gang med å koke risengryngraut. Den skal vere ferdig til klokka tolv, for det er ikkje ein einaste dag i året utan at det er mat midt på dagen. Ho må bruke ei stor gryte, for det går med mykje graut. Det skal rekke til riskrem neste dag og fjøsnissen må også ha sin del. Ho hentar kald mjølk som ho skal bruke til grautkokinga i kjellaren, og passar samstundes på å fløyte såpass av melka at vi kan piske krem til desserten som vi skal ha etter julemiddagen. Ho må vere varsam og lett på handa når ho skal gjere slikt arbeid, for det er fort gjort å sette ausa litt for djupt i spanna. Då blir fløyten blanda med melka og då kan det vere vanskeleg å piske fløyten til stiv krem med hjulvispen. Vi ungane har for lengst starta med ludospelet samstundes som vi knekker hasselnøtter og leitar etter filipinenøtter. Det er nøtter som har to like kjerner, altså tvillingnøtter. Så er det om og gjere å vere den første til å rope «filipine» neste morgon for å vinne spelet. Premien er alltid avtalt på førehand og som regel er det ein liten sjokoladebit.
Litt etter litt spreier julelukta seg i huset. Dei nyvaska vindauga som mor sleit med å få rein i tide før frosten kom er fulle av damp frå maten som kokar. Dei minste ungane lurer seg innimellom til å teikne litt på dei doggvåte glasa bakom gardinene. Kan hende kan dei få auge på ein fjøsnisse som luskar forbi i halvmørkret, men det er no helst katta som er ute ein tur. For oss små kjennes denne dagen ekstra lang med mykje venting. For mor går nok timane altfor fort. Ho skal rekke å gjere så uendeleg mykje inne i huset på desse få timane før ho må ta kveldsstellet i fjøset. Vi var så takknemlege og glade for at mor Borghild likte jula like godt som oss. Ho gleda seg over at vi vart lykkelege når ho fann på nye aktivitetar for å more oss, og la til rette for at vi skulle få ei fin jul. Ein gong kledte ho seg til og med ut som julenisse og kom inn på kjøkkenet med ei stor korg med epler i. Vi vart så redde for denne skikkelsen som kom inn at dette var både første og siste gongen vi hadde nisse på Nyjorda då vi vaks opp. Vi la dei få pakkane vi fekk til jul under juletreet og var nok meir trygge på fjøsnissen.
Vi fekk aldri auge på fjøsnissen, men på mirakuløst vis klarte han likevel kvart einaste år å ete opp julegrauten som vi bar opp til han på låven. Det var nok mest mor Borghild som hadde eit godt auge til den karen.
Dei tre siste kveldane før julaftan fekk ho også på meisterleg vis fjøsnissen til å komme med små godsaker og legge i skorne våre om vi var flinke å hjelpe til med arbeidet og legge oss tidleg, slik at det vart ro i huset. Til oss to minste, som vaks opp i ei tid då julekalenderen fekk inntog i heimane, gav ho kvar vår appelsin. Vi stakk nellikspikar inn i appelsina, like mange som det var dagar att til julaftan. Slik kunne vi telje ned dagane som var att til høgtida.
Eit år kan eg hugse at noko av det siste mor Borghild gjorde før ho gjekk og la seg kvelden før kvelden, var å sy ferdig dei to fine lysegule taftkjolane til dei minste jentene sine. Vi kunne høyre ho småtralla der ho satt ved kjøkkenbordet og innimellom sukka ho litt medan ho drog i sveiva på symaskina. Etter den gode julemiddagen går far som vanleg til godstolen og slappar av. Han koser seg med kryssord og ein røyk etter middagen. Det er koseleg at far er inne samen med oss minste. Han er så flink til å fortelje eventyr til oss. Det er ikkje så ofte han har tid til dette, for han er vekke på arbeid heile veka gjennom. Difor er det mor som har mest ansvar for garden og drifta der. Vi ungane hjelper mor med å rydde av bordet og vaske opp koppar og kar. Mor tek godt vare på restane, her går ikkje noko til spille. Potetskrellet står allereie i ei bøtte og skal blandast saman med fôrmjøl og vatn og delast ut i krubbene til kyrne. Den eldste av ungane hjelper mor med fjøsstellet denne kvelden, medan vi andre ventar inne. Før ho går, gjev ho ein appelsin til kvar av oss. Den gongen var mange av appelsinane pakka inn i silkepapir. Vi snurra små brettar i kvart hjørne på silkepapiret slik at det vart som ein fallskjerm. Så la vi silkepapiret over appelsinane. Dei såg ut som små skjelpaddar. Vi konkurrerte med kvarandre og laga skjelpaddelaup på kjøkkengolvet med appelsinane. Dette syntes vi var moro. Etter leiken stakk vi ein sukkerbit i den mjuke appelsina og kosa oss med innhaldet.
Då vi hadde ete opp «skjelpaddane» ,var det tid for å dekke på salongbordet i stua.
Vi finn fram koppar og fat som vi ber inn og set på bordet i stua. Når mor kjem inn att skal vi ha julekveld med kaffi og julekaker og pakke opp gåvene som ligg under treet. Nokon av dei er allereie klemt såpass på at innholdet er kjend for mottakaren. Vi har også registrert kven som skal få dei einskilde gåvene.
Endeleg kjem mor inn att frå fjøset. Ho har hengt av seg fjøskleda, vaska seg i vaskefatet og teke på seg finkjolen. Utanpå kjolen har ho eit kvitt nystrôke forkle, for ho kan ikkje søle på kjolen. Ho har berre denne eine. Ho har også fiksa seg på håret og tatt på seg eit lag med leppestift. Leppestiften har fast tilhald i den eine handveska hennar. Noko anna sminke eig ho ikke. Ho sett på kaffikjelen att med nytt reint vatn i, slik at vi kan få nytrekt kaffi no også. Snart duftar det julekveld i stua. Mor takkar oss for vi har vore så flinke å venta på ho, og for at vi har dekt på bordet. Så finn ho fram julebaksten som ho hadde gøymt rundt om. Noko står på den øvste hylla i spiskammerset, så ho må ha ein stol å stå på for å nå dei. Vi ungane hjelper til med dette arbeidet, for vi er huga på både småkaker og gåver no.
Frukt og nøtter står også på bordet, men sjokolade har vi ikkje der. Tradisjonen er at når gåvene er pakka ut, har som regel mor ei plate kokesjokolade på lur. Den tek ho fram og deler ut ei strime til kvar. Vi ungane drikk heimelaga saft til småkakene. Mor hadde klart å gøyme unna nokre saftflasker også til denne jula. Ho måtte ha saft for å lage rød saus til riskremen. Det var tradisjon med riskrem til dessert 1. juledag.
Vi kosar oss saman og det er så kjekt å vere samla denne kvelden. Vi spelar ludo, kinasjakk og vri åtter. Far legg kabal og mor har kjøpt seg eit vekeblad til jul som ho les i. Eg hugsar at det stod «Alle Kvinner» på vekebladet. Etter kvart er kvelden over. Mor brettar julegåvepapiret fint saman. Bandet som var kring gåvene surrar ho opp på ein papirstrull. Dette skal gøymast til neste gong ho har bruk for det. Ho brukte å stryke papiret med strykejarnet, då vart det så glatt og fint som nytt.
Vi gjekk i følgje til utedoen før vi la oss. Nokon av søskena hadde fått nye lommelykter som lyste så fint med gode, nye batteri. Det var så godt å sjå vegen då, for ute var det bekmørkt. Om det var klarver var månen ei god lyskilde.
Slitne og lykkelege etter ein lang dag la vi oss ein etter ein i sengene våre. Neste dag vakna vi nok ein gong til den gode knitringa frå vedomnen på kjøkkenet. Mor var allereie i gong med fjøsstellet. Også denne morgonen var bordet dekt og det var lagt eit klede over slik tradisjonen var i jula. Alle saman, bortsett frå mor Borghild, hadde god tid til å nyte den gode maten ho hadde laga til oss. Eg kan ikkje minnes at ho klaga eìn einaste gong over det tunge og uløna arbeidet ho utførte kvar dag medan vi vaks opp. Først no, når vi sjølv er vaksne og har fått eigne barn, forstår vi fullt og heilt kor tungvint og slitsomt det må ha vore. Eg kan aldri gløyme korleis ho på sin stillferdige og hjartevarme måte tende julestjerner i augene våre og gav oss den mest verdifulle gåva eit barn kan få; ein trygg og god barndom, og ei god og lykkeleg jul utan dyre gåver og overflod, men med gode minner som vi ber med oss i hjartet vårt.
Alle dei sju ungane til mor Borghild gjer så godt dei kan for å gje vidare desse gode verdiane til neste generasjon, der den største gleda i livet og i jula er å vere saman med flokken sin i trygge omgjevnader og å forstå kor verdifullt det er å ha dette mangfaldet av kunnskap vi har saman og i kvarandre. Mor Borghild sa alltid at ho kjende seg rik då ho kunne sjå at flokken kring henne hadde det trygt og godt. Hennar solide innsats gjorde at vi var lykkelege små born i vår lille verden. Vi hadde det så godt som katta, sa mor Borghild ofte, og det hadde ho rett i. Det var ikkje noko overflod av noko slag. Vi hadde nok mat og drikke, reine klede og varme i omnen. Takka vere ho, kunne vi ligge lenge i den varme senga vår når vi hadde fri frå skulen i jula. Utan noko som helst stress kunne vi stå opp og gå til dekt bord og sitte saman og dele eit godt måltid.
No venta vi litt utålmodig på at det skulle bli andre juledag, for først då kunne vi gå på besøk til venene våre og vise dei kva vi hadde fått i julegåve og likeins sjå på deira gåver.
Vi gledde oss til at vi kunne ha på oss dei nye fine julekleda våre då vi skulle delta på juletrefesten som var på bedehuset i romjula. Det var så utruleg kjekt å gå i ringen rundt det store juletreet som var pynta med kvite dottar av bomull og papirlenker laga av glanspapir. Med dei seige, sveitte fingrane som vi fekk etter å ha drukke søt kakao, heldt vi kvarandre i hendene og danna ring rundt treet. Vi sang av full hals; Å, jul med din glede, medan vi gjekk i ring rundt grantreet. Vi bukka og neia og svinga oss rundt, og gløymde nesten å kjenne etter at det svei bak på hælane fordi dei nye lakkskoa hadde laga gnagsår i år også.
Anne Lise Vatne Eide
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal