Kor synleg blir showet på himmelen nyttårsaftan? Dette seier meteorologen
Plus
Veka startar bra, med blå himmel og sol. Dessverre ser det ut til å bli eit vêrskifte akkurat på nyttårsaftan.
Sola kikar fram og temperaturen ligg på kring null grader langs kysten av Kvinnherad når vi no går inn i årets siste veke. Kaldare kan det bli gjennom natta.
– Natt til tysdag ser òg ut til å vera klar, og ein skal då vera obs på at det kan vera glatt på vegane på morgonkvisten, opplyser meteorolog Ingrid Opheim Bækkelund ved Meteorologisk institutt.
Utover morgondagen kjem det derimot litt varmare luftmassar inn over oss, og det begynner å skya til.
– Det kan koma nokre byer, og vi er rett i grenselandet for om nedbøren kjem som sludd eller regn. Mest truleg er temperaturen for høg til at vi får sludd i låglandet, men ein skal ikkje så langt opp i høgda før nedbøren kjem som sludd eller snø, seier Bækkelund.
Vêrprognosen for onsdag og årets siste dag er dessverre ikkje noko meir oppløftande.
– Så langt ser det dessverre grått ut på nyttårsaftan. Vi ventar eit litt lettare skydekke og opphaldsvêr på føremiddagen, men så blir det meir skya og moglegheit for nedbør på kvelden, opplyser meteorologen.
Sidan det er snakk om milde luftmassar kjem nedbøren som regn, i alle fall i låglandet.
– Det ser grått og vått ut, rett og slett.
Ein får med andre ord ikkje dei beste føresetnadane for å nyta fyrverkeriet på himmelen denne siste dagen i 2025. Noko kan ein likevel gle seg til, for ifølge prognosane ligg vi an til å få ein fin start på 2026:
– Det er venta at kalde, polare luftmassar kjem nedover til oss, og første nyttårsdag skal temperaturen søkka. Vêret klarnar opp igjen og det er moglegheiter for sol og kuldegrader resten av veka, sluttar meteorologen.
50 personar kasta seg med – desse seks fullførte heile ultraløpet