Herold

«Arthur stod for ei radikal fornying av norsk humor»

Plus
Kilde: Nordlys Author: Innsendt Artikkel Published: 2025-12-29 11:00:49
«Arthur stod for ei radikal fornying av norsk humor»

Minneord – Arthur Andreas Berg Arntzen (10.05.1937 - 19.12.2025).

Det er med stor sorg Det Norske Samlaget har motteke meldinga om Arthur Arntzen sin bortgang. Æ hadde ikkje i mine villaste drømma tænkt mæ tell å bli nokken «kjeint mainn», skriv Arthur Arntzen i boka Eventyr, tårer og latter som han laga saman med Kjell Snerte i 2007. Men det blei han.

Arthur Arntzen gjorde nordnorsk suksess som forfattar med bøkene om Oluf og dei folkekjære karakterane i Rallkattlia. Bøkene kom først ut på Tromsø Bokhandels forlag. Så kom han til Det Norske Samlaget for å nå resten av landet, og starta på eit nytt litterært eventyr. Æ lyg ikkje kom ut i 1986. Både bokmeldarar og lesarar over heile landet oppdaga at Arthur Arntzen var noko langt meir enn gapskratt. Dei neste åra følgde tre bøker til om den nordnorske humoren. Alle toppa salslistene i bokhandelen. Totalt opplag for bøkene hans på Samlaget var på over 600 000 eksemplar. Bak opplagstalet låg eit skyhøgt språkleg og litterært nivå. Arthur Arntzen stod for ei radikal fornying av norsk humor. Han stod for eit mektig språkleg nybrottsarbeid ved å løfte fram det nordnorske språket.

Han blei utnemnd til heidersmedlem i Det Norske Samlaget i 2003. Ikkje primært for den enorme salssuksessen han opplevde med bøkene sine. Styret i Det Norske Samlaget la vekt på den store påverknaden Arntzen fekk på språkleg mangfald, toleranse og aksept. Arthur Arntzen braut ned utbreidde fordommar mot nordnorsk. Hans viste også korleis nordnorsken kunne formast i nynorsk språkdrakt. Sjølv var han sin beste ambassadør, i skrift, på radio, scene og på fjernsyn. I dag lever også tekstane hans vidare gjennom strøymetenestene, der bøkene hans har nådd ny popularitet i lydformatet.

Arthur Arntzen var ein av dei viktigaste forfattarane på Samlaget gjennom alle tider. Takk for litteraturen, humøret, humoren og all menneskeleg varme.

Det Norske Samlaget

Edmund Austigard

Administrerande direktør

🏷️ Extracted Entities (8)

Arthur Andreas Berg Arntzen (person) Det Norske Samlaget (person) Arthur Arntzen (person) Eventyr (entity) Kjell Snerte (person) Oluf (entity) Rallkattlia (entity) Tromsø Bokhandels (person)