Mystisk fenomen på himmelen over Mongstad: – Ein portal til ein annan dimensjon
Plus
Mange vart fascinert av synet på himmelen på Mongstad måndag morgon.
– Eg har tidenes «clickbait» til deg! «Romvesen på Mongstad», seier Benjamin Rikstad på telefon frå Mongstad-basen.
– Det er noko merkelege greier, for mine auge ser det ut som …
Rikstad vender seg til arbeidskameratane for å høyre deira skildring, og fortel at det liknar fargespelet som kjem av bensin i vatnet, berre at det er på himmelen.
– Det ser ut som ein portal til ein annan dimensjon.
Fleire har kontakta avisa om det oppsiktsvekkande synet på himmelen.
– Det forandrar seg heile tida og det er akkurat som det er regnboge i skyene, seier ein annan tipsar.
Har du nokre fine vêrbilde? Då kan du sende dei til redaksjonen@nordhordland.no.
Eit vinterfenomen
Etter ein telefon til Meteorologisk institutt, kan avisa opplyse at det mest sannsynleg ikkje er snakk om romvesen eller ein portal, men perlemorskyer.
Dette er skyer som dannast i stratosfæren, medan vanlege skyer dannast i troposfæren. Dei er så høgt oppe at skyene består av iskrystallar.
– Når sola treffer krystallane i den riktige vinkelen får ein desse fantastiske fargane, seier meteorolog, Ingrid Oppheim Bækkelund.
Ho fortel at fenomenet skuldast kraftig vind over fjella og ein bølgebevegelse som gjer at fukt kjem raskt opp og frys til is.
– Frå desember til februar er atmosfæren på sitt kaldaste og det er då vi kan oppleve dette.