Herold

Har samla seg om ein felles arrangementskalender: – Dette er ein fordel for heile regionen

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-11-26 13:34:53
Har samla seg om ein felles arrangementskalender: – Dette er ein fordel for heile regionen

Kommunane i regionen har samla seg om ein felles arrangementskalender.

Fotball, ikkje religion

Alt på ein plass

Dess fleire, dess betre

Magma Geopark har i lengre tid hatt ein arrangements- og aktivitetskalender på nettsida si. Kalenderen har ganske enkelt fått namnet «Hva skjer i Magma geopark?». Arrangørane kan sjølv leggja inn arrangementa sine, og kalenderen er gratis å bruka.

Mens kalenderen har lege ute til utprøving, både for arrangørar og publikum, har Magma Geopark arbeidd for å få kommunane til å omfamna arrangementskalenderen og lenkja til han på nettsidene sine.

– Nå har me klart å samla regionen om dette. Kommunane har sagt at det er dette dei vil satsa på, seier Ulf Tjåland, som er dagleg leiar i Magma Geopark.

Kommunane som er omfatta av aktivitetskalenderen er Eigersund, Sokndal, Lund, Bjerkreim og Flekkefjord. Dei som bruker kalenderen, kan sjølv sila ut kommunen dei er interessert i. Er ein bare opptatt av det som skjer i Bjerkreim, så kan ein be kalenderen om å visa arrangement i denne kommunen.

Ulf Tjåland fortel at det har vore eit krevjande arbeid å overtyda kommunane om at dei ikkje treng å ha sin eigen aktivitetskalender, når det finst ein som er felles for alle kommunane i Magma Geopark.

Men nå, som alle er med, går geoparken for alvor i gang med å lansera kalenderen.

*Magma-leiaren synest det er viktig at alle som arrangerer noko av allmenn interesse, veit om kalenderen og bruker han. *

Av arrangement som ikkje er av allmenn interesse, nemner han religiøse og politiske møte.

– Men ein partileiardebatt kan liggja der, eller ein konsert i kyrkja. Men ikkje ei tradisjonell gudsteneste, forklarer han.

Fotballkampar, derimot, reknar han med blant arrangement som har allmenn interesse.

Magma Geopark marknadsfører nå kalenderen aktivt, slik at både arrangørar og folk som vil ut på noko gildt, skal vita at han finst.

Visit Norway og Visit Stavanger bruker same type kalender, og arrangement frå Magma-kalenderen kan òg bli brukt i den regionale og den nasjonale kalenderen. Systemet kommuniserer dessutan med ulike billettsystem. Det vil seia at arrangement i for eksempel Egersund, som blir lagde ut for billettsal på Ticketmaster, òg hamnar i arrangementskalenderen «Hva skjer i Magma geopark?».

Grand Hotell i Egersund har brukt kalenderen i innkøyringsfasen. Hotelldirektør Geir Sølve Hebnes Sleveland er glad for at alle kommunane nå har blitt med.

– Dette er ein fordel for heile regionen, for nå får me samla alt på ein plass, seier han.

Han trur det blir lettare å vera arrangør nå, nå når alle har samla seg rundt eitt system.

– Nå er alt samla, og me når eit større publikum, seier han.

Han nemner Egersund Sjømatfestival og Tideless, den nye utgåva av visefestivalen, som eksempel på arrangement som har interesse utanfor regionen, og som kan få draghjelp frå systemet.

Geir Sølve Hebnes Sleveland har inntrykk av at arrangementskalenderen allereie er med på å trekkja publikum til hotellet og Egersund.

– For vår del er kalenderen veldig effektiv. Me treffer eit breitt publikum, seier hotelldirektøren.

Han ser at mange av dei som har kjøpt billettar til sjømatfestivalen i februar, er utanbys frå.

Sitat Ulf

Ulf Tjåland i Magma Geopark synest det er fint at systemet er gratis og lett å bruka. Det gjer det tilgjengeleg for alle, poengterer han.

– Dess fleire som bruker systemet, dess betre blir det, konstaterer han.

Magma-leiaren legg til at dei fleste arrangementa folk legg inn, blir godkjende og kjem med i kalenderen. Men han minner om at eit godt bilete må leggjast ved.

Han synest det er ein stor fordel at aktivitetskalenderen omfattar fleire kommunar.

– Me er ein liten region. Det som skjer på Sogndalstrand, bør vera interessant for dei som bur på Moi, seier Magma-leiaren, som håper folk blir flinkare til å reisa på arrangement på andre plassar enn akkurat plassen der dei bur.

– Nå løftar me i fellesskap, samanfattar han.

🏷️ Extracted Entities (26)

Alt (entity) Bjerkreim (entity) Dess (entity) Egersund (place) Egersund Sjømatfestival (person) Eigersund, Sokndal, Lund, Bjerkreim (organization) Flekkefjord (place) Fotball (entity) Geir Sølve Hebnes Sleveland (place) Geopark (entity) Hotell (entity) Magma (entity) Magma Geopark (person) Magma-kalenderen (entity) Magma-leiaren (entity) Mens (entity) Moi (entity) Norway (entity) Sogndalstrand (place) Sølve Hebnes Sleveland (place) Ticketmaster (entity) Tideless (entity) Tjåland (place) Ulf Tjåland (place) Ulf Ulf Tjåland (place) Visit Stavanger (person)