Herold

Koseleg fakkeltog: – Eit ekte generasjonsmøte slik berre eit lite lokalsamfunn får til

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2025-12-28 20:30:00
Koseleg fakkeltog: – Eit ekte generasjonsmøte slik berre eit lite lokalsamfunn får til

Rundt 40 sambygdingar stilte opp for å gå det årlege fakkeltoget i Åkra søndag kveld.

«Det årlege fakkeltoget i Åkra vart igjen ei varm og lun stund og ei fin påminning om kor godt det er når bygda møtest. Matre IL stod som arrangør, og i år var me om lag 40 deltakarar som samla oss ved Åkra oppvekstsenter før me la i veg. Med faklar som lyste opp i mørket gjekk me ein roleg tur på godt og vel ein kilometer»,skriv Lars Emil Berge i ein stemningsrapport til avisa.

Han opplyser at i følgjet gjekk både dei aller yngste, som endå ikkje er passert to år, og dei eldste som var godt over 70.

«Dette er altså eit ekte generasjonsmøte slik berre eit lite lokalsamfunn får til».

Vel tilbake ved oppvekstsenteret song dei frammøtte «På låven sitter nissen», og jammen dukka ikkje nissen opp også, med mandarin og sjokolade til dei fleste som var med.

«Ein enkel tradisjon, men slike tradisjonar varmar både i kinn og hjarte. Takk til Matre IL og alle som møtte opp og gjorde kvelden så kjekk», helsar Berge.

🏷️ Extracted Entities (2)

Lars Emil Berge (person) Åkra (entity)