Herold

Sei meininga di om framtidas Hodlekve

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Bror Kristian Raanaas Tandberg og Irmelin Gram-Hanssen, Vestlandsforsking, Sogndal Published: 2025-12-28 18:25:24
Sei meininga di om framtidas Hodlekve

Korleis ser du for deg utfartsområdet Hodlekve om ti år? Om du har ei meining, er det tid for å samle tankane og sende innspela dine til kommunen.

Nokon vil ha puddereldorado, andre ønskjer seg eit familievenleg utfartsområde. Der enkelte ser ein sjanse for å løfte Sogndal økonomisk, vil andre ha ein stans i naturtap og hyttebygging.

Korleis Hodlekve i Sogndalsdalen skal sjå ut i framtida, er eit spørsmål vi i Vestlandsforsking har jobba mykje med det siste året, som del av eit internasjonalt forskingsprosjekt. For å nærme oss eit svar på spørsmålet samla vi eit breitt utval innbyggarar til tre arbeidsverkstader og to opne møte for å diskutere vegen framover for området.

Mange reknar Hodlekve som ein viktig møteplass, men ønska for korleis området bør utviklast sprikar. Det siste året har vi undersøkt om ein styrt samtale på tvers av samfunnslag, der ein tek utgangspunkt i felles verdiar, kan bidra til meir forståing og einigheit.

Heilt kort kan vi oppsummere resultata slik: Meir forståing: Ja. Meir semje: Kanskje.

Inkluderande, tett på naturen og lokalt forankra

Vestlandsforsking har skrive ein rapport om erfaringane frå desse arbeidsverkstadene, og med våre tilrådingar til kva kommunen kan gjere i det vidare planarbeidet. Arbeidet vårt er del av eit større EU-finansiert forskingsprosjekt der vi undersøker korleis ein kan fremje medverknadsprosessar lokalt for å sikre at alle kjem til orde og at ein tek omsyn til viktige fellesgode, slik som natur. Forskarar studerer liknande case i Polen, Spania og Sverige.

Sjølv om meiningane om Hodlekve sprikar, såg vi at det er nokså stor semje om dei overordna linjene. Vi tok utgangspunkt i eit sett verdiar deltakarane samla seg om, og utforma generelle prinsipp basert på desse. Alle kunne einast om at framtidas Hodlekve må vere inkluderande, lokalt forankra, tilgjengeleg, tett på naturen, attraktivt, vise omsyn til naturen og vere ein møteplass for lokalbefolkninga. Då vi seinare gjekk djupare inn i dei meir konfliktfylte politiske og praktiske forslaga, var det lettare å sjå kor haldningane til dei ulike deltakarane kom frå. Det bidrog til meir forståing og gjensidig respekt rundt bordet, noko som kanskje kan brukast som utgangspunkt for kompromiss.

Ein opplyst debatt

Forskingsprosjektet vårt viste at kunnskap er viktig når folk skal ta stilling til utvikling av eit område. Vi opplevde at dei som veit kva pengane i Hodlekve går til, hadde større aksept for høgare prisar på heiskort, parkering eller vaflar i kafeen. Det same gjaldt kunnskap om natur. Dei som har sett seg inn i kor viktig det er med intakte økosystem og kva tenester naturen gir oss, som karbonlagring og flaumdemping, viste større vilje til å ta vare på naturen rundt utfartsområdet.

Slike møteplassar gir rom for å invitere inn fagfolk som kan innleie diskusjonane med å gi korte innføringar om økologien eller økonomien i området. Det meiner vi er viktig for å sikre eit felles utgangspunkt i dialogen. Men prosjektet viste òg at kunnskap og informasjon ikkje er nok i seg sjølv.

Å diskutere ansikt til ansikt

Det er av stor verdi å organisere møteplassar der innbyggarane kan treffast fysisk for å diskutere ansikt til ansikt. Ikkje berre er dette viktig for å sikre einigheit om korleis utviklinga i Hodlekve bør gå føre seg, men det er òg viktig for utviklinga av lokaldemokratiet. I ei tid der mykje av ordskiftet skjer på nettet og ein ikkje eingong kan vere sikker på kven ein diskuterer med, meiner vi det er viktigare enn nokon gong å sikre gode, fysiske møteplassar der folk får møtast på tvers av alder, kjønn og politisk overtyding. Sogndal kommune har sjølvsagt hovudansvaret for å sikre eit slikt møtepunkt i planprosessen rundt Hodlekve, men ber ikkje ansvaret aleine.

Medverknadsprosessar er ofte komplekse, prega av knappe ressursar og vanskelege omsyn som må vegast mot kvarandre. Sjølv om kommuneadministrasjonen har plikt til å vurdere alle innspel og råd i ei slik høyring, vil ikkje alt bli følgt opp. Det er likevel viktig at flest mogleg uttalar seg når lokalpolitikarane skal ta viktige avgjerder.

Grip sjansen

Hodlekve engasjerer. Det var ikkje vanskeleg å få 30 sogndøler til å sette av tre kveldar til å diskutere vegen vidare for utfartsområdet. Gruppa representerte ein mosaikk av ulike meiningar i planområdet og vi passa på at dei ulike interessene vart balanserte. Vi trur at mange perspektiv har vore belyst i prosessen vår, men oppmodar like fullt alle som har noko på hjartet til å formulere innspela sine. Det hjelper kommunen i å vite kor skoen trykker. Det er no du har sjansen til å bli høyrd. Grip den!

Sogndal kommune har varsla oppstart av planarbeid og høyring av planprogrammet for Hodlekve.

Planprogrammet legg rammene for kva som vil stå i den endelege kommunedelplanen for området, og er med det ein slags plan for planen. Difor er det viktig kva som står, og ikkje står, i planprogrammet. Alle kan sende inn innspel innan 16. januar, og kommunen er forplikta til å vurdere alle innspel."]

🏷️ Extracted Entities (8)

Hodlekve (entity) EU-finansiert (entity) Polen (entity) Sogndal (place) Sogndalsdalen (entity) Spania (entity) Sverige (entity) Vestlandsforsking (entity)