Herold

Vurderer lovendring: – Bustader er meint som heimar og ikkje hotell

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2025-12-28 15:00:00
Vurderer lovendring: – Bustader er meint som heimar og ikkje hotell

Regjeringa vil gjera det enklare å regulera og følgja opp ulovleg korttidsutleige.

Korttidsutleige har blitt svært utbreidd dei seinare åra, særleg i Aurland, Tromsø, kommunar i Lofoten, Oslo og Bergen.

Det finst i dag ingen tydelege lovar og reglar kommunane kan lena seg på når det gjeld korttidsutleige. No vil Kommunal- og distriktsdepartementet ta tak i dette, og sjå på endringar i plan- og bygningslova.

– Bustader er meint som heimar og ikkje hotell, heiter det i ei pressemelding som vart sendt ut like før jul.

Kan krevja søknad om bruksendring

I pressemeldinga blir det vist til at korttidsutleige av eigen bustad er ei kjærkomen ekstrainntekt for mange. På den andre sida blir det peika på ei rekkje utfordringar som at bustader det er behov for blir fjerna frå marknaden.

Departementet trekkjer også fram konsekvensar det kan ha for bustadmiljø og naboar, i form av auka trafikk og støy.

– Det må byggjast fleire bustader. Samstundes må me ta på alvor utfordringane som kommunane tek opp rundt korttidsutleige. Me skal framleis ha eit regelverk som er fleksibelt nok til at folk kan leiga ut bustaden sin medan dei sjølv der på ferie. Me vil gje kommunane verktøya dei treng for å slå ned på bustader som i praksis blir brukt som «skuggehotell» i bustadområde, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Det finst fleire verktøy i plan- og bygningslova som myndigheitene kan bruka for å regulera og følgja opp ulovleg utleige.

– Dersom ein bustad blir brukt som hotellverksemd, og dette medfører auka trafikk, støy eller andre ulemper for nabolaget, kan kommunen krevja søknad om bruksendring. Slik bruk kan også utløysa andre tekniske og planmessige krav enn vanleg bustadbruk, og ein søknad gjev kommunen grunnlag for å vurdera om bruken er lovleg, står det i pressemeldinga.

Lagar rettleiar

Trass i manglande lovverk, har Aurland kommune likevel gjort eit forsøk på å stramma opp praksisen. Dei har mellom anna gått gjennom utleigedata frå Airbnb.

Mange kommunar har sakna meir rettleiing om grensa mellom bustad og næring, og betre høve til å få opplysningar frå utleigeplattformene.

Departementet er no i gang med å laga ein rettleiar som etter planen skal vera ferdig før påske i 2026.

– Det andre me vurderer er eit forslag som kan gje kommunane nye verkemiddel for å kunne regulera korttidsutleige lokalt. Her er det allereie ei rekkje ulike tiltak me ser på. Arbeidet som Husbanken er i gang med, og som skal leverast i mars 2026, vil også vera eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet, seier Skjæran.

Fleire bustader er fjerna frå Airbnb: – Me ser at det har ein effekt Tydeleg Airbnb-trend i Sogn: – Èin type aktør er problemet

🏷️ Extracted Entities (12)

Airbnb (entity) Aurland (place) Bergen (entity) Bjørnar Skjæran Ap (person) Husbanken (entity) Kommunal (entity) Lofoten (entity) Oslo (place) Skjæran (entity) Sogn (entity) Tromsø (place) Tydeleg Airbnb-trend (organization)