Herold

Lanserer boka si med ei klar oppfordring: – I dag er det sløseri og forsøpling ut av ei anna verd

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-12-28 14:28:45
Lanserer boka si med ei klar oppfordring:  – I dag er det sløseri og forsøpling ut av ei anna verd

Med den nye boka si kjem Paul Tengesdal med ei tydeleg oppfordring: Ta vare på naturen!

Bjerkreimbuen Paul Tengesdal har gitt ut boka «Steinaldermenneskene i Norge - og deres kultursoge». Han har skrive om korleis dei første menneska kom til landet, og om korleis dei levde.

Han fortel at det har mangla ei bok av denne typen, som tar føre seg livet til steinaldermennska på ein lettfatteleg måte. Rett nok finst det mange forskingsrapportar, og det er slike han har basert seg på. Men han har framstilt stoffet på ein måte som skal gjera boka lett å lesa sjølv om ein ikkje har bakgrunnskunnskap.

– Spennande bok

Tanken på å skriva denne boka har modnast over fleire år, fortel han. Faktisk heldt han på med boka parallelt som han arbeidde med «Dalane før i tida – kultursoga fra distriktet», ei bok han gav ut i fjor.

– Eg har lenge lurt på korleis folk levde før vår tid, seier han.

Då han begynte å undersøka saka, fann han ut at det har skjedd mykje innan forskinga på steinalderen dei siste ti-tjue åra. Forskarane har tatt i bruk nye metodar. Med praktisk arkeologi har dei prøvd å etterlikna det livet som steinaldermennska levde, og på den måten funne ut korleis dei mest sannsynleg har handtert kvardagen sin.

– Det har blitt ei spennande bok. Det er den kjekkaste boka eg har skrive, seier den historieinteresserte og samfunnsengasjerte bjerkreimbuen.

Har fått kvalitetssikra boka

Han har tråla nettet etter stoff til boka si, slik han gjorde då han skreiv «Dalane før i tida – kultursoga fra distriktet». Då kultursoga frå Dalane kom ut i fjor sommar, fekk han hard kritikk frå tidlegare museumsdirektør Leif Dybing, som meinte boka var prega av avskrift, feilslutningar og misforståingar.

Paul Tengesdal gjekk ut mot Dybing i sommar, og han meiner ennå at kritikken var urettferdig. Men han har fått ein arkeolog ved Arkeologisk museum i Stavanger til å gå gjennom og kvalitetssikra den nye boka.

– Du står sterkare nå i møte med kritikarane dine?

– Det kan du vera sikker på, nikkar han.

Har noko å læra

I boka si om steinalderen går Paul Tengesdal i rette med den typiske oppfatninga om steinaldermenneska som litt enkle og dumme.

– Ein ser kanskje for seg ein kar som går inn i ei hole og trekkjer ut eit kjerringemne etter håret, mens han har ei klubbe i handa. Men dei var sånn som deg og meg, seier han.

Han har òg funne ut at dei overgjekk moderne menneske på fleire måtar.

– Dei var flinkare til å kjenna igjen eit landskap dei hadde vore i før, enn det me er. Me har kart, så me har fått svekt den evna, seier han.

Han meiner òg at me har noko å læra av steinaldermenneska:

– Me kan læra å ta betre vare på naturen. Dei var naturmenneske. I dag er det sløseri og forsøpling ut av ei anna verd, seier han.

På baksida av boka si har han gjort denne lærdommen til eit imperativ: Ta vare på naturen i all di verksemd, skriv han, før han minner om kva klimapanelet til FN varslar: Mykje av naturen vil bli ødelagt i ekstremvêr, og plantar og dyreslag vil døy ut.

Godt liv

Sjølv om Paul Tengesdal har runda 83 år, er han langt frå ferdig med å undersøka og finna ut av samanhengar. Tvert imot, han hintar om at fleire bøker kan vera på veg.

– Nå er eg fri til å arbeida med det eg er interessert i, og det er eit veldig godt liv, seier den ingeniørutdanna bjerkreimspensjonisten.

Dukkar ned i den mørke historia til gammal heiagard

Aktuelle med ny bok: – Vi vil at barna skal få følelsen av å være små oppdagere

🏷️ Extracted Entities (6)

Bjerkreimbuen Paul Tengesdal (person) Leif Dybing (person) Arkeologisk (entity) Dalane (entity) FN (entity) Stavanger (entity)