Skal ha smelle og komme gneistar frå sikringsskapet
Plus
I natt hadde det brannvesenet og politiet oppdrag ved ei adresse på Radøy.
Det var like etter klokka 03.00 at politiet fekk melding om ei hending som dei rykte ut til på øya.
Ved ein bustad skal det ha smelt og komme gnistar frå eit sikringsskap.
– Deretter skal det ha komme ein del røyk, melde operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i natt like før klokka 03.30.
Det var folk som var på adressa som melde frå om hendinga til naudetatane.
Etter at dei kom fram på staden, kunne politiet og brannvesenet konstatere at hendinga ikkje hadde ført til utvikling av brann på staden. Dei gjorde seg etter kvart ferdige på staden. Det blir ikkje oppretta sak på hendinga.
🏷️ Extracted Entities (3)
Deretter
(entity)
Knut Dahl-Michelsen
(organization)
Radøy
(place)