Gjensyn: Nekta barnehageplass: – Blir sinnssjukt krevjande med fire barn
Plus
Eirik Broby reiste skuffa ut av kommunestyresalen seint i går kveld. Han er blant foreldra som ikkje får barnehageplass i Drangedal.
– Me har ingen plan B. Eg er jævlig skuffa. Det blir sinnssjukt krevjande med fire barn, seier Eirik Broby i etterkant av politikaranes vedtak om å ikkje gje barnehageplass til tolv ventande barn utan rett på barnehageplass.
Ulønt permisjon kan vera einaste alternativ. Fleire av foreldra har Drangedal kommune som arbeidsgjevar.
– Trist og skuffande
Det var ein lang og mildt sagt oppheita debatt om barnehageplassar som gjekk føre seg i kommunestyresalen sent torsdag kveld. I dei tidlegare politiske sakene denne kvelden teikna økonomisjef Osmund Jensen eit dystert bilde av Drangedals økonomiske framtid. Dette la preg på mange av politikarane då dei tok til røysteknappen på iPaden. Att står skuffa foreldre utan barnehageplass fordi dei «har fødd barn på feil dato».
Klart for åpning: – Endelig!
– Det er utruleg trist og skuffande at kommunestyret ikkje satsar på barna i kveld. Det som er framtida for Drangedal, seier Anette Tangen. Ho og fleire spente småbarnsforeldre blei heldt på pinebenken under torsdagens barnehagedebatt.
Halverte lommebøker
Tangen har full forståing for at det ikkje er ei lovpålagd teneste for kommunen og at økonomien er vanskeleg. Likevel sit ho att som eit spørjeteikn.
– Kva sparar dei eigentleg? Eg trur det er svært lite. Nå får me sjå om det er private alternativ i andre kommunar.
Ein av politikarane som absolutt såg det tyngande alvoret for foreldra på tilhøyrarbenken, var Bernt Andre Andresen (Ap). Etter ei prøvevotering, der politikarane tok ein fot i bakken og testa kor kveldens vedtak kom til å lande, var han i klar tale. Prøvevoteringa synte at det var stemning for å følgje formannskapets vedtak om å ikkje gje barnehageplass.
– Om dei som sit på benken bak her får det resultatet prøvevoteringa viste, så er eg svært redd finn.no kjem til å få auka bruk dei neste dagane. Eg ber dykk røyste nei til dette, og tenke dykk godt om. Kunne de gått heim i dag og sagt til dykkar betre halvdel eller deira lommebok at om to månadar, så blir den halvert, spurde han medpolitikarane sine.
– Tørdal, farvel og takk for oss?
Bidreg ikkje til bulyst
– Og så skal du leve på den halve lommeboka åtte månadar fram i tid. Eg trur dei fleste hadde merka det ganske hardt kva som skjer med lommeboka då og kva som skjer med familien, og kva som skjer med barnet som må gå heime med foreldre som ikkje har pengar, sa Andresen.
– Det veit eg korleis kjennast – både som barn og som vaksen. Det er ikkje moro ein plass, og det bidreg i alle fall ikkje til bulyst. Dei som sit bak her dei skal ikkje bare ha ei framtid. Dei skal ikkje bare overleva. Dei skal faktisk ha det bra. Så tenk dykk nøye om før dette skal bli votert over, heldt Andresen fram.
– Kan du gå heim og legge deg, og vite at det er nå tolv ungar med foreldre som må vurdere kva dei skal gjera framover. Kva med syskena deira? Kva med arbeidsplassane dei eigentleg skulle møtt opp på? Korleis skal dei handtere dette? Eg veit kva min eigen sjef ville sagt. Han ville verkeleg blitt lei seg om to eller tre stykk plutseleg skulle vore vekk, og det ville kanskje teke økonomigrunnlaget frå han – så tenk dykk opp, oppfordra han kommunestyret.
Fra underskudd til overskudd: – Lover minst 10 nye år med festival
– Ei halvdaud bygd
Henny Nesland (Frp) sparte heller ikkje på det berømte krutet i denne skjebnesvangre saka. På talarstolen undra ho seg over kvifor kommunen ikkje vil ta imot dei unge når dei fyrst kjem, og la vekt på at det blir stadig fleire eldre i kommunen.
– Ei bygd med bare gamle menneske, det er ei halvdaud bygd. Det er dei ungane som kjem nå som kanskje skal tørke meg i rumpa på Doktormyra. Me er jo heilt avhengig av å ha ungar i bygda. Ei bygd utan ungar er jo ikkje noko framtid.
Ho fekk støtte av varaordførar Dag Arild Brødsjømoen (Frp). Han vel å sjå det som ei gladsak at det er ungar i bygda, og at det aukar.
– Skal kommunen klare seg, så må me ha tilflytting. Me må skaffe gode skular og gode bygg. Me har bruka rundt 350 millionar på bygg retta mot barnefamiliar, og så klarer me ikkje å fullføre draumen om tilflytting og barn. Det er eit luksusproblem. Prognosane kommunestyret har jobba med når det kjem til å få barnefamiliar hit har lykkast, men så lykkast me ikkje med å følgje opp.
– Det viktigaste me kan gjera for at denne kommunen skal bestå er å sørgje for at barnefamiliane har det greitt. At folk kan reise på arbeid i kommunen vår. Det må me setje pris på, og det er me nøydd til å bruke pengar på. Koste kva det vil for framtida vår. Me har ikkje bruk for eldresenter om me ikkje har folk til å jobbe der, poengterte Brødsjømoen.
Gunnar (33) slår seg opp på KI-musikk
Trasig og vanskeleg
Anna Henriette Straume (Sp) tok ein fot i bakken. Ho meiner politikarane burde finne inndekning i budsjettforhandlingane.
– Det er vel ingenting eg heller vil bruke pengar på enn barnehage og skule. Men eg meiner det blir uansvarleg å ta frå disposisjonsfondet. Me må konsentrere oss om dei lovpålagte oppgåvene. Det er trasig og vanskeleg eg skjønar det, men eg kjenner på ein økonomisk uro nå, seier Straume.
Nadia Marie Dukefoss (SV) tok opp orienteringa frå økonomisjef Osmund Jensen om meirforbruk i drifta som blir dratt med vidare.
– Då må me kutte i ikkje lovpålagde tenester som Tokestua, Kongla ungdomsklubb og idrett. Dette er tenester som kan bli utsett for kutt for å drive innanfor ramma. Skal me bruke pengar på noko, så må me kutte pengar på noko. Eg kan ikkje risikere at alle våre barn og unge ikkje lenger har ungdomsklubb for at dei med ikkje lovpålagd barnehageplass får det, sa ho.
Fleire forslag
Henny Nesland la fram dette forslaget frå Frp: «Kommunen fortsetter som før med løpende opptak når det blir ledige plasser i løpet av barnehageåret. Det bemannes opp l Heirekshaug og Kroken barnehage l tråd med behova skissert i saka. Kostnad i 2025 på kroner 100.000 kroner dekkes av disposisjonsfond. Kostnad for 2026 på 2,9 millioner blir innarbeidet i budsjett 2026 og økonomiplan 2027 til 2029».
Bernt André Andresen la fram dette forslaget frå Ap: «Vi ønsker og utsette saka fram til neste kommunestyre den 6 november, der vi får vite helt konkret hva som skjer med de ansatte etter sommeren neste år, og hva som blir de konkrete kostnadene og ikke bare maksbeløpet».
Elin Reiersdal kom i tillegg med dette tilleggsforslaget frå Ap: «Kommunestyret sender følgende uttalelse til barne- og familieministeren: Drangedal kommunestyre mener at det er langt på overtid at barnehageloven endres slik at barn får lovfestet rett til barnehageplass den måneden de fyller ett år».
Etter opp til fleire gruppemøte og prøvevotering blei det endelege resultatet akkurat det same som formannskapet sitt. Formannskapet sitt vedtak blei sett opp mot Frp sitt forslag, som fall med dei sju røystene frå Knut Helge Bråthen (Sp), Henny Nesland (FrP), Bernt Andre Andresen (Ap), Hilde Heimholt Furunes (Ap), Dag Arild Brødsjømoen (Frp), Njaal Kjendalen (Ap) og Arnt Roar Kåsa (Frp).
Kommunen fortsett som før med løpande opptak når det blir ledige plassar i løpet av barnehageåret. Det blir ikkje bemanna opp og Heirekshaug og Kroken barnehage fortsett drifta si med eksisterande bemanning. Barn på venteliste blir ikkje tildelt plass før det blir ledige plassar og seinast til nytt barnehageår i 2026.