Herold

Bønder fortvilar etter kutt i veterinærvakta: – Vi er hjelpelause utan dyrlege

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2025-12-28 04:00:00
Bønder fortvilar etter kutt i veterinærvakta: – Vi er hjelpelause utan dyrlege

Frå nyttår 2026 står dyreeigarar i Kinn kommune utan full veterinærvakt. Ordninga skal kuttast kvar fjerde helg og to av sju dagar i veka. No fryktar bønder og andre dyreeigarar for dyra sine – og for framtida.

Tanken på at dei ikkje skulle få hjelp om eit dyr skulle bli akutt sjukt, er i seg sjølv ei stor belastning meiner bøndene her i distriktet.

Beskjeden om kuttet kom via nettsidene til Kinn kommune, og har skapt stor uro. Telefonen til Beate Steindal, leiar i Flora produsentlag, har gått varm etter at nyheita sprakk.

– Helt sidan den informasjonen kom ut så har eg sitte i telefonen, seier ho.

Tanken på å ikkje få hjelp når dyra treng det som mest, gjer Steindal vondt i magen og hovudet. Ho minnast ein dramatisk episode i mars i fjor:

– Eg hadde ein episode i mars i fjor då ei kvige skulle kalve midt på natta. Kalven kom med rumpa først, og eg hadde vore sjanselaus utan veterinær, slår ho fast.

Den første kalven var ikkje til å berge, men takka vere veterinæren vart den andre kalven og kviga redda. Utan hjelp ville ho ha mista begge.

– Slik eg, og mange med meg, ser det, så er påkjenninga av å vite at du ikkje skal kunne få hjelp om du har prekære behov, det aller verste, seier Steindal.

– Ikkje ei ordning vi kan akseptere

Asle Magne Ellingsund, leiar i Eikefjord Bondelag, er like klar i sin tale.

– Dette er ei ordning vi ikkje kan akseptere. Eller for å vere meir presis, dette er ikkje ei ordning, kjem det frå Ellingsund.

Han driv garden til sonen og har i dag 30 mjølkekyr og ei årleg levering på 250 tonn mjølk. Han er heilt avhengig av å få rask hjelp ved akutte tilfelle. Det kan vere ved kalving, men også ved plutseleg sjukdom.

– Får ei ku mjølkefeber ein laurdagskveld, så kan vi ikkje vente til måndag. Då må det handlast raskt for utan hjelp mister vi kua på søndagen.

Dyreeigarar har plikt til å sørgje for at dyra ikkje lid. Utan veterinærhjelp står dei i eit umogleg val.

– Får vi ikkje hjelp når vi treng help, så er vi hjelpelause. Vi kan ikkje dyra våre lide, og då må vi skyte dei. Då reddar vi ingenting, seier Ellingsund alvorleg.

Han understrekar at dyrehelsa i Kinn er god, men vissheita om å få hjelp når det trengst, er ei heilt avgjerande forsikring for alle som har husdyr.

Går ut over alle dyreeigarar

Kuttet i veterinærvakta råkar ikkje berre bønder, men alle som har dyr – anten det er produksjonsdyr, katt eller hund. No krev dyreeigarane at Kinn kommune finn ei løysing og signerer ein kontrakt med veterinærar som sikrar full vaktordning.

Bekymringa blant medlemene har vore stor sidan det vart klart at kommunen ikkje har løyst veterinærvakta. Difor er Steindal fortvila.

– Eg synest dette er heilt forferdeleg. Tanken på at vi i 2026 kanskje må sjå på kalenderen å håpe på at ikkje noko skjer med dyra våre er uuthaldeleg.

På spørsmål om kven ho meiner har ansvaret for situasjonen, er Steindal tydeleg på at veterinærane som har berga 2025 ikkje skal klandrast.

– Vi har fantastiske veterinærar i vårt distrikt, og dei kjem så fort dei klarer å køyre og det er aldri sure miner sjølv om dei blir vekte midt på natta. Og dei er også pliktige å hjelpe oss etter lova, men om dei har varsla at vaktbelastninga er for stor over lengre tid, så kan ikkje dei klandrast. Så det er heilt tydeleg at vi må ha eit betre system på plass, og her er det offentlege som må på banen og sikre oss hjelpa vi har krav på, slår ho fast.

Ho avsluttar med å understreke at det er umogleg å drive med dyrehald utan garanti for at hjelpa er der når ho trengst som mest.

Du får håpe hunden din ikkje blir sjuk første helga i januar

🏷️ Extracted Entities (5)

Beate Steindal (person) Kinn (entity) Asle Magne Ellingsund (person) Eikefjord Bondelag (person) Flora (entity)