Linn Helen (36) satsa på noko heilt anna: Fekk jobb i tøff bransje
Plus
Linn Helen Kårdal satsa på nytt og tok erfaringane med seg inn i ein annan bransje.
I ti år klipte, farga og stussa Linn Helen Kårdal hår.
Ho likte å bruke kreativiteten sin på å gjere andre fin og nøgd med sveisen. Og ikkje minst kontakten ho fekk med dei som sat i stolen framfor henne.
Men det er dei færraste som jobbar fram til pensjonsalder i frisøryrket. Lange dagar ståande med bøygd rygg og saks i handa, kan tære på alle og ein kvar.
I tillegg hadde ho eit ønske om å utvikle seg vidare og prøve noko nytt. Etter å ha studert digital marknadsføring ved sidan av jobben, byrja ho på Noroff sitt nettstudie i grafisk design.
Fekk sjansen
Trebarnsmora var klar for å kaste seg ut i ein ny og krevjande bransje.
– Eg tenker at ein angrar på det ein ikkje gjer, heller enn det ein gjer, forklarar Kårdal.
Innsatsen betalte seg. Etter å ha vore i praksis hos Reklamehuset, fekk ho i haust eit vikariat i bedrifta.
Å få ein slik moglegheit er ikkje sjølvsagt i kreative yrke.
– Eg føler meg veldig heldig, og spesielt at eg fekk jobbe her lokalt. Det er eit veldig spennande næringsliv i Nordhordland og eg får jobbe med interessante kundar.
Bratt kurve
Samstundes er det forskjell på å gjennomføre eit nettstudium og skulle levere ferdige produkt til reelle kundar.
Kårdal fortel om ei bratt læringskurve.
– Det var stort å sjå dei første tinga eg laga som ferdige produkt.
I løpet av si korte tid som designar, har ho laga alt frå banner, roll-ups, bildekor og ho har modernisert den grafiske profilen til Stusdal VVS.
Ho trekker fram eit godt miljø på arbeidsplassen og fortel at ho har fått mykje støtte og rettleiing på vegen.
– Det er utruleg bra stemning her på jobb. I juleferien saknar eg kollegaene mine.
Ved nyttår er vikariat over, Kårdal byrjar då i fast jobb hos Reklamehuset. Ho er tydeleg på at ein må tore å tru på og lytte til seg sjølv.
For sjølv om ein er etablert med familie og i eit yrke, kan ein finne nye moglegheiter.
– Om folk kjenner at dei har lyst, kan eg absolutt anbefale å gå for det og prøve noko anna. All erfaring du har med deg er mykje verdt.