Herold

Desse vann romjulscupen 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-27 18:00:16
Desse vann romjulscupen 

Barely Athletic og Smurfane gjekk til topps i årets utgåve av romjulscupen.

Den 31. utgåva av IL Trio sin romjulscup er over for i år. 19 herrelag og sju damelag har brukt andre og tredje juledag på å kniva om heider og ære i Kvinnherad arena.

I herreklassen fekk Barely Athletic sin revansje etter å ha tapt finalen mot Kapteinens Disipler i fjor. Med seg på laget i år hadde dei Nikolai Mayer, som med det tar sin andre strake siger i romjulscupen.

– Det er veldig kjekt. Sidan vi ikkje stilte lag med Kapteinens Disipler i år, så hoppa eg og Erik Voster Solberg over til Barely Athletic, dei vi slo i finalen i fjor. Så det var veldig gøy å kunna hjelpa dei å gå til topps i år, seier Mayer etter finalen mot NSGH FC.

Nikolai scora eit av måla i det som vart ein knipen 2–1-siger til kvittrøyene. Han vart også kåra til finalens beste herrespelar.

– Det var ein jamn finale med litt kniving og knuffing, slik det skal vera. Då er det veldig kjekt å gå til topps, seier han.

Barely Athletic

I dameklassen heldt dei blåkledde damene frå Smurfane stand. Dei følgde opp fjorårets gull med nok eit romjulscup-trofé i år. Det skjedde etter at dei slo Fireballers på straffar i finalen.

Her vart Fireballers-spelar Emilie Aaseth kåra til finalens beste spelar.

Smurfane

– Fantastisk

IL Trio er stornøgde med årets turnering i Kvinnherad arena, og trur kanskje det kan ha vore rekordbesøk andre juledag.

– I konkurranse med familiemiddagar, julearrangement og andre festar er det fantastisk at det er 26 lag påmelde. Det er stadig nye lag å sjå, men framleis er det ein del lag med lange tradisjonar, skriv ein av arrangørane Svein Jarle Mo i ei melding og held fram:

– Andre juledag var det truleg rekordbesøk. Vi har ikkje teljing, men kiosksal fortel om rekord.

Sluttspelet

🏷️ Extracted Entities (11)

Barely Athletic (organization) IL Trio (organization) Kapteinens Disipler (person) Kvinnherad (entity) Nikolai Mayer (person) Smurfane (entity) Erik Voster Solberg (person) Fireballers (entity) Fireballers-spelar Emilie Aaseth (organization) NSGH FC. Nikolai (organization) Svein Jarle Mo (person)