Herold

Telemark har kraft til å skape verdshistorie – igjen!

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Sven Tore Løkslid Fylkesordførar Telemark. Published: 2025-12-27 18:00:00
Telemark har kraft til å skape verdshistorie – igjen!

I 200 år har Telemark vore eit fylke for store draumar og nyskaping. Det må vi ta med oss inn i det nye året.

Snart går 2025 inn i historiebøkene – året vi markerte at det er 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Telemark har ein særleg sterk historie som utvandringsfylke. Nesten 45.000 telemarkingar drog med ein draum om eit betre liv, eit liv i fridom og tryggleik og med arbeid å finne.

I ei uroleg verd vert migrasjon, identitet og å høyre til i ein nasjon, stendig meir aktuelt. Korleis forstår og definerer vi oss sjølv i møte med andre? Kva tar vi med oss frå fortida og kva gir vi vidare? Korleis formar vi Telemark i spenninga mellom tradisjon og fornying?

I 2025 kom det nesten 400 flyktningar til Telemark. Dei fleste frå Ukraina. Menneske som kjem med ein draum om betre liv, eit liv med fridom, tryggleik og arbeid. Dei, og alle, er velkomne til Telemark. Vi treng folk.

Når framtida skal byggast, lener vi oss på historien. Vi brukar våre naturlege fortrinna, og skaper verksemder, industri og arbeidsplassar. I bygd og i by. Også internasjonal kapital investerer i fylket vårt. Difor er Telemark eit internasjonalt fylke. Vi har industri og næringsliv som leverer og konkurrerer internasjonalt. Vi har eit reiseliv som vekker internasjonal interesse, som tiltrekker seg besøkande internasjonalt, og som til dels har internasjonale eigarar. Her veks fram datalagringsindustri der nokre av verdas største selskap investerer og bygger i Telemark. I bygd og i by.

Vi skapte verdshistorie også i 2025, nærare bestemt 18. juni. Då vart verdas fyrste fullskala verdikjede for karbonfangst og lagring sett i drift, ved Heidelberg Materials’ anlegg for sementproduksjon i Brevik.

Vi har Europas største dokumenterte forekomst av sjeldne jordartsmetaller liggande midt i fylket vårt, i Nome. Vi kan tilby rein fornybar kraft som gir strøm til verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for ørret, i full drift i Tinn. Samla demonstrerer dette ressursar, kunnskap, optimisme og tøffingar som tør satse.

Telemark har kraft til å skape ny verdshistorie.

Men, Telemark er ingenting uten folka. Deg og meg. Den viktigaste verdien er ikkje krafta vår, det er folka, humankapitalen. Om folk skal trivast treng vi kulturopplevingar til å le, grine, gruble av. Treng all den friviljuge innsatsen som kvar dag legg til rette for eit Telemark med plass til alle.

Telemark fungerer best når alle bidrar. Alle er viktige når vi på ny og på ny skal skape verdshistorie.

Eg ynskjer meg eit Telemark i 2026 der vi er endå rausare med kvarandre. Det skal være lov å lykkast, gjera noko bra, våge å satse. Vi treng alle, og alle må bidra på sitt nivå.

Då er vi vårt Telemark, eit fylke som oppfyller draumen om eit betre liv, fridom, tryggleik, arbeid og inntekt.

Ynskjer deg eit godt nytt år!

Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Telemark.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Rjukan Arbeiderblad PLUS
Telemark har kraft til å skape verdshistorie – igjen!
Sven Tore Løkslid Fylkesordførar Telemark. · 2025-12-27 18:00:00
Telen PLUS
Telemark har kraft til å skape verdshistorie – igjen!
Sven Tore Løkslid · 2025-12-28 15:30:00

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (10)

Fylkesordførar Telemark (person) Amerika (entity) Brevik (place) Europas (entity) Heidelberg Materials’ (organization) Nome (entity) Norge (entity) Sven Tore Løkslid (person) Tinn (entity) Ukraina (entity)