Legevakta druknar i telefonar: – Får ikkje prioritert det som er mest akutt
Plus
Elin Seim oppmodar folk om å vurdera symptombiletet og forholda seg til dei vanlege helseråda før dei ringjer inn til legevakta.
Dei siste dagane har legevakta fått ei rekkje tilvisingar frå folk som har symptom på influensa og mage-tarm-infeksjon.
– Me vert nedringt og druknar i slike tilvisingar. Det gjer at me ikkje får prioritert det som er mest akutt, seier Elin Seim, avdelingsleiar for Voss interkommunale legevakt.
Ho opplever at ein del innbyggjarar ringjer inn til legevakta veldig tidleg i sjukdomsbiletet.
– Enkelte ringjer inn etter berre nokre timar med symptom. Det er ganske vanleg med mage-tarm-infeksjon og influensa no i joletider, og majoriteten har normale symptom som ikkje krev bistand av lege.
– Fylg generelle helseråd
Seim oppmoda folk om å forholda seg til dei generelle helseråda, vurdera eigne symptom og avgjera om det er naudsynt å ringja legevakta i det aktuelle tilfellet. For sjølvhjelp viser ho til Folkehelseinstituttet sine nettsider om influensa og noroviruset.
Ho understrekar likevel at det er viktig å ta kontakt med legevakta dersom allmenntilstanden tilseier det.
– Om ein opplever at allmenntilstanden er forverra, vil me gjerne at dei skal ta kontakt.
Når bør du ta kontakt?
Her er nokre eksempel på tilstandar der det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta:
- Høg feber – særleg hjå barn
- Moderate pustevanskar
- Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
- Slapt og medtatt barn eller vaksen
- Alvorleg psykisk sjukdom
- Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
- Kuttskader som må syast
- Mistanke om brot
Kjelde: Helsenorge.no