Herold

Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2025-12-27 12:46:00
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest

Menn er mindre bekymra for skadar frå fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som seier dei har opplevd utrygge situasjonar, viser ei fersk undersøking.

Rett før fyrverkeriet skal skytast opp på nyttårsaftan er menn dei som er minst bekymra for uønskte hendingar og skader.

– Menn undervurderer kor farleg fyrverkeri er. Vi veit at menn er overrepresentert blant dei som blir oftast skadde som følgje av fyrverkeri. I samband med nyttårsfeiringa i fjor var nesten 8 av 10 som skadde seg, menn, seier administrerande direktør Ari Soilammi i Brannvernforeningen til NTB.

Brannvernsforeininga har nettopp gjennomført ei undersøking som viser kontrasten mellom kva menn sjølv tenkjer om fyrverkeri og talet på registrerte skadar.

Per Kristian gir deg fyrverkeri, sjølv om det går ut over eiga lommebok

Briller for alle

Blant menn svarer 55 prosent nei på spørsmål om dei er bekymra for skadar som følgje av oppskyting av fyrverkeri på nyttårsaftan. Blant kvinner er det 38 prosent som seier det same. Samtidig seier berre 51 prosent menn ja på om dei har opplevd utrygge situasjonar rundt bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan. Her seier 55 prosent kvinner det same.

– Mange skadar kunne unngåast om fleire brukte vernebriller, og det er fokus for fyrverkeri-kampanjen vår, seier Soilammi i Brannvernforeningen.

Mange trur dei er trygge berre fordi dei ikkje skyt opp fyrverkeri sjølv, men tilskodarar er ofte like utsette. Vernebriller bør vera sjølvsagt også for dei som berre ser på.

Direktøren i Brannvernforeningen meiner det er nedslåande å sjå kor mange som lèt vera å bruka vernebriller, sjølv når me veit at dette kan førebyggja dei fleste augeskadar. Fyrverkeri er eksplosiv og må behandlast med respekt.

Sjå bilda frå Barnekjippen og fellesfyrverkeriet 2024

Augetal

Augeavdelinga hos Haukeland sjukehus får kvart år inn dei mest alvorlege tilfella. Mindre alvorlege skadar blir gjerne behandla av legevaktene. I fjor kom det inn sju pasientar til sjukehuset, tre av dei hadde alvorlege skadar.

– Det varierer alltid frå dei med mindre hudskadar på augnelokk, avbrende augnevipper og sotskadar og krut mot augehud og sklera (senehinna). Så kan det vera hornhinnesår eller meir eller mindre hol i auget, som er dei mest alvorlege augeskadane me ser, seier overlege Lasse Mulstad Skrivervik.

I dei verste sakene er det totalt tap av auget som organ.

– Pasientane er ofte unge menn som ikkje har brukt vernebriller og som var påverka av alkohol. Då gjer folk ting dei normalt aldri ville gjort, som å gå tilbake og sjå oppi fyrverkeriet. Det er ein gjengangar. På dei alvorlegaste augeskadane, er det dette som gjentek seg, seier overlegen.

Dei yngste

Det er dei aller yngste som ofte vert skadde i samband med bruk av fyrverkeri. Ifølgje DSB var 39 prosent av dei skadde mellom 11 og 20 år, medan 22 prosent var mellom 21 og 30 år.

– Det er dei vaksne sitt ansvar å sørgja for at barn og unge held trygg avstand under oppskyting av fyrverkeri. Det er ikkje berre uforsvarleg, men også forbode å overlata fyrverkeri til mindreårige, seier Soilammi.

Undersøkinga viser at dei unge også er minst bekymra. Blant dei mellom 18 og 29 år seier 54 prosent nei på spørsmål om dei er bekymra for skadar frå fyrverkeri. Medan 61 prosent seier nei til om dei har opplevd utrygge situasjonar.

Brannvernsforeininga og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har kvart år fyrverkerikampanjen. Her slår dei eit slag for fyrverkerireglane som seier at ein må bruka vernebriller. Ein må heller ikkje prøva å tenna fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk. I tillegg skal fyrverkerioppskytinga planleggjast, og bruksrettleiinga skal lesast nøye.

Her kan du lesa om Fyrverkerireglane.

Sal av fyrverkeri startar 27. desember.

Nasjonale reglar for fyrverkeri:

Tid: Berre 31. desember klokka 18 – klokka 02 1. januar.

Aldersgrense: 18 år for kjøp og bruk av dei fleste fyrverkeri. 12 år for små stjerneskot under 30 cm.

Tryggleik: Bruk vernebriller, ha god avstand, unngå tørr skog/bygningar, og ha sløkkjeutstyr klart.

(©NPK)

Bli med bak kulissane: Fellesfyrverkeriet nyttårsaftan 2019

🔗 Published by 5 sources - Compare:

THIS SOURCE Firdaposten PLUS
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest
NTB · 2025-12-27 12:46:00
Menn er mindre bekymra for skadar frå fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som seier dei har opplevd utrygge situasjonar, viser ei fersk und...
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest
NPK-NTB – Helle Høiness · 2025-12-27 17:05:23
Menn er mindre bekymra for skadar frå fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som seier dei har opplevd utrygge situasjonar, viser ei fersk und...
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest
NPK-NTB – Helle Høiness · 2025-12-28 05:50:00
Menn er mindre bekymra for skadar frå fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som seier dei har opplevd utrygge situasjonar, viser ei fersk und...
HF PLUS
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest
NTB og Gro Heidi Åsen · 2025-12-28 08:35:00
Menn er mindre bekymret for skader fra fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som sier de har opplevd utrygge situasjoner, viser en fersk unde...
Fyrverkeri-fella: Derfor skader menn seg mest
NTB og Gro Heidi Åsen · 2025-12-28 12:23:07
Menn er mindre bekymret for skader fra fyrverkeri enn kvinner. Det er også færre menn som sier de har opplevd utrygge situasjoner, viser en fersk unde...

📰 Same Event Coverage (4 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (10)

Ari Soilammi (person) Brannvernforeningen (entity) Ifølgje DSB (organization) Barnekjippen (entity) Direktoratet (entity) Fyrverkerireglane (entity) Haukeland (place) Lasse Mulstad Skrivervik (person) NTB. Brannvernsforeininga (organization) Per Kristian (person)