Herold

Gir mange gode arbeidsplasser – men forgiftar fjordane våre

Plus
Kilde: Strandbuen Author: Knut Vadla, fiskarbonde, lærar, blåskjeldyrkar Published: 2025-12-27 11:00:00
Gir mange gode arbeidsplasser – men forgiftar fjordane våre

Knut Vadla frå Randøy lurer på når styresmaktene vil vakna og sjå kva effekt oppdrettsnæringa har på dei norske fjordane.

Då lakseoppdrett starta – og lenge etterpå – var det ei positiv innstilling til denne nye næringa. Men med den fart og størrelsen næringa har utvikla seg i, har fleire negative og uhåndterlege konsekvensar oppstått, mellom anna desse:

  • Med innføring av fiskeyngel fekk me sjukdomen Gyrodaktylus salaris, som medførte at villlaksen i mange av våre elvar måtte utryddast for å bli kvitt sjukdomen.
  • Lakselusa har blitt eit så stort problem at ho nærpå har utrydda villaksen vår.
  • På grunn av impregneringa på nøtene, blir blåskjela utrydda over større område.
  • Leppefisken som blir brukt til avlusing, er mat for kysttorsk og anna fisk.
  • Oppdrettsanlegga ligg i stor utstrekning i fjordfiskens gyteområde. Det er ein kjennsgjerning at fjordane langs heile vår kyst har blitt nokså fisketome i denne perioden.

Vel 90 prosent av lakseforet blir importert frå ande sida av jorda. Dei to forfattarane og journalistane Simen Sætre og Kjetil Østli, som har skrive boka «Den nye fisken», seier: «Jo mer laks vi produserer, desto mindre mat blir det i verden. Problemet er at laksen spiser mer menneskemat enn den gir oss.»

Med sitt etter kvart negative fotavtrykk i våre fjordar, er det såleis ukorrekt at denne eigentleg heilt unødvendige næringa, marknadsførar seg som om ho bidreg til matauk i verden.

Lakseoppdrett har blitt ei pengenæring, som gir mange gode arbeidsplasser, men som forgiftar våre fjordar. Det er ei næring som grunna uvitenhet har fått altfor fritt spelerom til å herja med vår natur.

I dag ligg det 994 oppdretts-anlegg langs vår kyst. (Viser til kartskisse.)

I Hjelmeland har me 11 elleve av dei pluss eit lakseslakteri. Det anlegget som er planlagt ved Valvik – Breivik , er plassert midt i det beste garnsettet som har vore brukt i lange lange tider, etter torsk, lange og brosme; følgjeleg midt i gyteområdet til villfisken.

Det er neppe nokon annan kommune enn Hjelmeland i heile landet, som har større forgiftning i fjorden av denne næringa.

Kva tid vil kommunestyret, styresmaktene og miljøorganisasjonane vakna?

Kritisk til at kommunen vil legge til rette for nye oppdrettsanlegg i sjøen: – Trist å se

Erik (25) er tilbake i sitt ess: – Det har vore tøft

Ingjerd og Dan-Willy svømte Lysefjorden på langs – fant flere tegn på at det står dårlig til

Steffen er på jakt etter nye ansatte – inkludert egen arvtaker

🏷️ Extracted Entities (9)

Hjelmeland (place) Dan-Willy (entity) Gyrodaktylus (entity) Kjetil Østli (person) Knut Vadla (person) Lysefjorden (entity) Randøy (place) Simen Sætre (person) Valvik (place)