Seglar Helse Førde under falskt flagg?
Plus
Overskrifta er heftig, men eg skal grunngje ut frå dei opplysningane eg har skaffa meg. Viss eg gjennom skrivinga strandar totalt, håpar eg at nokon kan stadfesta at eg har navigert feil.
Påstanden min er at Helse Førde over lang tid har hatt eit ynskje om å fjerna ortopedien frå Lærdal sjukehus. Heldigvis har dei ikkje klart det.
Ortopediklinikken vart i si tid vedteken i Helse Vest med grunngjeving at det skulle gjera sjukehuset stødigare. Dette skulle gjerast ved at Helse Førde skulle ta mot pasientar som stod på venteliste i andre helseføretak. Då ville det bli reduserte ventelister i delar av Helse Norge samstundes som Helse Førde fekk inntekter. Etter mi meining ein vinn-vinn-situasjon.
Eg har sendt e-post til Helse Vest og stilt spørsmål om dei har godkjent nedlegging av klinikken. Dette har eg gjort ut frå at eg er så enkel at eg trur at den som har vedteke at noko skal opprettast i det offentlege, også må bestemma om det skal leggjast ned.
Sjølv om vekslande regjeringar har presisert at lokalsjukehusa skal bestå, har administrasjonen i Helse Førde arbeidt for å strippa Lærdal. Personleg trur eg det har samanheng med at Truls Jellestad innførte ein ny måte i arbeidet med kneprotesar.
Ein måte å arbeida på som viste seg å vera nybrotsarbeid som førte til at pasientar kom frå det ganske land. Rehabiliteringa etter operasjon har òg vore veldig bra.
Men kvifor prøva å auka inntektene når, etter mi meining, kan senka dei og få høgare utgifter som tenar det langsiktige målet? Målet er å fjerna ortopedien i Lærdal. Slik eg har forstått, vart det for eit par år sidan gjeve ordre om å kutta gjestepasientar. Klinikken skulle ta køar i Helse Førde, men har dei klart det?
Det er som om hensikta helgar middelet. Førre direktør fortalde oss i eit intervju i lokalavisa, då han prøvde seg på det Varden gjer no, sat rekneskap kan skrivast på ti ulike måtar. Kanskje ikkje usant, men er det ærleg?
Antal operasjonsstover vart vel òg auka ved nye Førde sjukehus. Var det planlegging for å redusera andre stader, eller er det berre ein konspirasjonsteori frå meg?
Kvifor har ikkje Helse Førde utfordra helsedepartementet direkte med følgjande problemstilling: Me vil leggja ned lokalsjukehusa våre. Då måtte den politiske leiinga gjort nokre klare vedtak sett i lys av at me har industri i regionen, lange tunnelar, enormt med turistar om sommaren og stadig meir hytteutbygging i fjellområda.
Er det gjort juridisk vurdering av det Helse Førde planlegg no?
Ministeren sa på folkemøtet i Lærdal at tilbodet ved sjukehuset skulle bli minst like godt som det er i dag. Det må ministeren forklara til oss sogningar!
P.S.
Registrerer lokalavisa skriv at i løpet av ein to-månadars periode var det 200 tilviste timar som ikkje vart nytta ved Lærdal sjukehus. Det var sunnfjordingar som tykte at reisevegen vart for lang! Ja, ja, får sei som Øystein Sunde: «Sånn e’re berre.»
Det kan ikkje vera Lærdal som får æra for den manglande innteninga på dei timane? Skal tru om det er kortare frå Sogn til Førde?