Nav: – Låg arbeidsløyse, men medaljen har ei bakside
Plus
I desember er 1,8 prosent av arbeidsstyrken i Vestland registrert som arbeidsledige. Fleire bransjar slit med å rekruttera nok tilsette, og aller størst er mangelen i helsesektoren, melder Nav.
6 147 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i desember. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent.
Blant kommunane i Vestland er arbeidsløysa høgast i Modalen med 4,5 prosent, medan Ulvik har 3,6 prosent heilt ledige og Fedje 3,4 prosent. Lågast arbeidsløyse i fylket har Gulen med 0,5 prosent og Stord med 0,7 prosent ledige.
I Ullensvang er det no registrert 92 personar som er heilt arbeidslause. Det tilsvarer 1,6 prosent av arbeidsstyrken. I Eidfjord er 14 personar registrerte heilt utan arbeid, som tilsvarer 2,7 av arbeidsstyrken.
Det er ei lita endring frå november.
– Det er veldig positivt at så mange er i jobb. 2025 har vore prega av stabilt låg arbeidsløyse, sjølv med tilveksten av ukrainske flyktningar dei siste år, seier fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
Han omtalar det «som ei bakside av medaljen» at ei rekkje bransjar manglar arbeidskraft, særleg helsesektoren.
Helse- og sosialsektoren har lenge lege på topp når det gjeld behov for nye tilsette. I desember var det lyst ut 645 ledige stillingar i sektoren i fylket vårt. Over 8 000 helsetilsette i fylket har mindre enn fem år att til pensjonsalderen, viser tal frå Nav.
Bygg- og anleggsbransjen hadde 282 ledige stillingar i Vestland i desember, og Nav fortel at dei får signal om at ein del bedrifter er i risikosona. Likevel ventar dei stor etterspurnad etter fagfolk i bygg og anlegg etter kvart som renta går ned, legg Hysing-Olsen til.