Herold

Ullensvang stemt ned: Fleirtalet vil ha endringar ved Litlos og Hellevassbu

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Kristin Eide Published: 2025-12-27 09:58:00
Ullensvang stemt ned: Fleirtalet vil ha endringar ved Litlos og Hellevassbu

Berre Ullensvang røysta mot å gjera Litlos om til ei sjøvbetjent turisthytte då Hardangerviddarådet handsama sti- og løypeplanen. Kommunen gjekk også i mot å sommarstenga Hellevassbu, men vart stemt ned også her.

(Hardanger Folkeblad) Villreinnemnda har foreslått å testa ei sommarstenging av Hellevassbu, som er ei sjølvbetent turisthytta i Røldal statsallmenning, i fem til ti år. I forslaget viser dei til langvarig konflikt rundt plassering av hytta og at det skal vera lokal vilje til å stenga fotturar i området.

Nemnda ønskjer å ta saka opp med departementet, og har spelt det inn til Hardangerviddarådet i samband med «Sti- og løypeplan for Hardangervidda». Framlegget vart handsama då Hardangerviddarådet 8. desember samla seg for å gå gjennom endringsforslag som har kome etter at «Sti- og løypeplan for Hardangervidda» var på høyring.

Kart: Hardangervidda

I referatet frå møtet kjem det fram at ordførar Roald Aga Haug, som er Ullensvang kommune sin representant, var den einaste av dei 13 medlemmene som røysta i mot dette framlegget. Haug var også den einaste som røysta mot å byggja Litlos om til ei sjølvbetjent hytte.

Over 100 innspel

– I sti – og løypeplanen vart det forslått å starta endringa med å gjera Litlos om til ei sjølvbetent hytta i 2026, og at gjennomføringa skal skje i 2030. Vi har i utgangspunktet slutta oss til dette framlegget, sa Jan Erik Reiten i slutten av oktober.

Han er avdelingsleiar for eigedom, natur og infrastruktur i DNT Oslo og Omegn, og har dei siste åra vore involvert i arbeidet med fleire ulike planar, som i større og mindre grad er knytte til villrein og Hardangervidda. DNT varsla tidlegare i år at dei stengjer fem hyttar av omsyn til villreinen.

Felles sti- og løypeplan

Bakgrunnen for dei omfattande endringane er at ferdselspresset må ned for å betre leveområda til villreinen, som ifølge kvalitetsnorma har det tøft på Vidda. I høyringsrapporten for «sti- og løypeplan» kjem der fram at det har kome over 100 innspel frå kommunar, grunneigarar og reiseliv.

Litlos

Lokalt har framlegga knytt til Litlos og stinettet rundt ført til mykje debatt, og i sitt høyringsinnspel er kommunen tydeleg på at tiltaka i den såkalla «Litlos-pakka» ikkje skal gjennomførast i denne omgang. Kommunen meiner at eventuelle inngrep rundt Litlos først må vurderast etter at ein har evaluert effekten av andre tiltak i planen.

Ullensvang kommune har også spelt inn eit ønske om at perioden for kvisting i påsken skal utvidast til tre veker, og at stikkene skal takast inn raskt etter 2. påskedag. Dette får støtte, og ein tilrår ei fleksibel tilnærming på 21 dagar for å vareta både reinen og næringsgrunnlaget til hyttene.

Fekk 108 innspel: Slik er framdriftsplanen

Som ei slags erstatning for Litlos hadde Hardangerviddarådet foreslått å laga ein ny sti frå Reinsnos mot Ringdedalsvatnet, og det vart teikna inn ei hytte i området. Vidare får det ei løype frå Ringedalsvatnet mot Lofthus, og også var er det teikna inn ei hytte.

Erstatningshytter

Høyringsinnspela var tydelege på at dette ikkje var ønska, og mange viste til at det trykket av turistar i vest er høgt nok. I tillegg er det vist til at villreinen har begynt å ta i bruk desse områda, og Hardangerviddarådet slår no fast at det ikkje vert erstatningshytter i vest og at eventuelle nye hytter bør plasserast utføre villreinområdet.

«Et gjennomgående tema i innspillene er behovet for å skille mellom lokal og kommersiell bruk av Hardangervidda. Mange mener at tiltakene bør regulere turisme og kommersiell ferdsel, ikke innskrenke lokalbefolkningens rettigheter», heiter det i høyringsrapporten.

– Det er ikkje berre å plukka ut delar

Den lokale bruken med tradisjonell bruk av fjellet har i liten grad auka, men presset frå turismen skapar press. Difor har mange spelt inn at ein må sikra rettane til jakt, fiske, beite og tilkomst til hytter og stølar, slik at den historiske bruken av fjellet kan vidareførast.

«Samtidig understrekes det at grunneiere og rettighetshavere må behandles som en del av løsningen, ikke problemet. Det er positivt med frivillige tiltak, men flere ber om klarhet i hvilke juridiske virkemidler som kan brukes dersom frivillighet ikke fungerer. Flere peker på at det pågår mange parallelle prosesser (sti- og løypeplan, tiltaksplan, CWD-situasjon), noe som skaper forvirring og risiko for motstridende retningslinjer, og at det hadde vært en fordel om felles sti- og løypeplan var samkjørt med tiltaksplanen», summerer rapporten.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (18)

Litlos (entity) Hardangerviddarådet (entity) Hellevassbu (entity) Berre Ullensvang (person) DNT Oslo (organization) Hardanger Folkeblad (person) Hardangervidda (entity) Jan Erik Reiten (person) Litlos\-pakka (entity) Lofthus (entity) Omegn (entity) Reinsnos (entity) Ringdedalsvatnet (entity) Ringedalsvatnet (entity) Roald Aga Haug (person) Røldal (place) Vidda (entity) Villreinnemnda (entity)