Herold

Her er dei langt over snittet: – Det er vinn-vinn

Plus
Kilde: NH Author: Lovise Espeland Published: 2025-12-27 03:57:00
Her er dei langt over snittet: – Det er vinn-vinn

Kursinga har gått over all forventning. No satsar brannsjefen på ein ny fast brannstasjon i kommunen.

Sidan våren 2024 har Gulen og Masfjorden brann og redning (GMBR) gjennomført lovpålagt grunnkurs for tilsette i brann – og redningstenesta på øvingssenteret Berivest i Sløvåg.

– Grunnkurs er noko alle brannkonstablar skal gjennomføra, men det tek tid å kursa alle, forklarer brannsjef Lars Jørgen Svendsen.

Sidan oppstart har GMBR utdanna 44 brannkonstablar. Neste kurs, som er nummer fem i rekkja, startar i februar 2026.

– Dette vil til saman føra til at 79 prosent av mannskapet vårt har gjennomført grunnkurset.

Det er Svendsen godt fornøgd med:

– Det er etter det eg har oversikt over eit svært høgt tal. Landsgjennomsnittet på dei resterande 196 brann- og redningsetatane ligg på i underkant av 40 prosent.

Vinn-vinn

Å gjennomføra grunnkurs er ressurskrevjande, men like fullt kompetansebyggjande for leiinga, ifølge Svendsen. Samtidig får dekningsområdet auka beredskap gjennom kursing av mannskap. Han kallar det vinn-vinn.

– Me samarbeider med industrivernet i Sløvåg, som er ein svært viktig samarbeidspartnar. Wergelandgruppen har no fem påmelde som startar utdanninga saman med oss i februar, fortel han.

Øvingsanlegget Berivest ligg på Wergelandgruppen sine område i Sløvåg i Gulen. Svendsen er glad for at området no blir brukt til kursing og opplæring.

– Me bruker eit fantastisk øvingssenter med alle fasilitetar.

No håpar Svendsen senteret på sikt kan bli til ein fullverdig brannstasjon.

Vil etablera brannstasjon

– Me ser på sikt moglegheita til å etablera ein komplett brannstasjon på området. Det vil styrkja den totale beredskapen i Gulen kommune generelt og Sløvåg spesielt, seier ein optimistisk Svendsen.

For tida er det stasjonert to mannskapsbilar på området som kan bli brannstasjon.

– Det manglar ein del utstyr no. Men det kjem etter kvart. Det har vore ein uslipt diamant, for alt ligg til rette her på Berivest, seier han.

🏷️ Extracted Entities (7)

Lars Jørgen Svendsen (person) Sløvåg (entity) Berivest (entity) Gulen (entity) GMBR (entity) Masfjorden (entity) Wergelandgruppen (entity)