Trafikkuhell i Sogndal
Plus
Klokka 16.52 melder Vest politidistrikt om at det har skjedd ei singelulykke riksveg 13, ved Hermansverk. Det skal vere materielle skadar på fronten på bilen.
– Det er uvisst om bilen har vore i grøfta eller køyrd inn i noko, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Bilen står i vegen og sperrar det eine køyrefeltet. Bilbergar er på veg.
Det var førar og passasjer i bilen. Føraren, ei kvinne i 40-åra, har opplyst å ha smerter i ei hand. Passasjeren skal vere uskadd.
Politiet er på veg til staden. Ambulanse og brannvesen har ikkje rykt ut.
🔗 Related Articles (1)
View Graph
Trafikkulukke ved Hermansverk
Hermansverk
Frode Kolltveit
Leikanger
Nybøstrondi
Vest
🏷️ Extracted Entities (4)
Sogndal
(place)
Frode Kolltveit
(person)
Hermansverk
(entity)
Vest
(entity)