Kommunalministeren opnar for nye Robek-grep
Plus
Kommunalminister Bjørnar Skjæran lovar meir handlingsrom for kommunane i 2026. Med det opnar han for kommunesamanslåingar og eit «trinn to» for Robek-kommunar, men konkrete tiltak er enno ikkje klare frå departementet.
– Eg vil leggje betre til rette for meir heilskapleg samarbeid mellom kommunar. Det kan òg vere eit signal om at fleire av dei bør slå seg saman. Då må vi vurdere om dagens ordningar er bra nok, og om vi treng fleire gode for kommunar som er i gang med slike prosessar, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap) til Nynorsk pressekontor.
Han tok over statsrådposten i Kommunal- og distriktsdepartementet i ei tid då fleire kommunar slit med økonomien og ei aldrande befolkning. Det er auke i talet på kommunar på Robek-lista. Fleire skular er truga av nedlegging og det er vanskeleg å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft, spesielt i helse- og omsorg i distrikta.
Skjæran har tidlegare vore folkevald i 34 år, mellom anna som ordførar i Lurøy kommune. Før han byrja i denne ministerposten i september, var han fiskeriminister og parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet.
– Det er krevjande for mange kommunar. Kostnadsveksten har vore høgare enn inntektene, og det er utfordringar med tilgang på arbeidskraft. Eg kjem sjølv frå ein liten distriktskommune i Nordland og møtte desse problema alt på 1990-talet – no treff det òg mellomstore og store byar.
Gode nok gulrøter?
For å møte desse utfordringane har Arbeidarpartiet no lagt fram Plan for Norge. Der blir det vist til tre store bakteppe landet vårt står over for dei neste åra: Befolkningsendringar, fallande petroleumsinntekter og ei verd prega av handelskrig og andre krigar – også i Europa. I planen er det lagt fram 26 prioriterte punkt regjeringa skal følgje opp, i tillegg til partiprogrammet sitt.
– Ein av mine viktigaste prioriteringar er å gi kommunane rom til å ha gode tenester utan unødvendig statleg oppfølging.
Han seier vidare at ei anna prioritering handlar om interkommunalt samarbeid. Ministeren vil uansett vurdere om dagens gode for kommunesamanslåingar er tilstrekkelege, men seier han er imot at kommunar skal bli slått saman med tvang.
– Vi vil vurdere om dagens gulrøter for kommunesamanslåing er tilstrekkelege. Arbeidarpartiet har alltid vore for større kommunar, men det er stor forskjell på å bruke statleg tvang og at kommunar sjølv får eigarskap til prosessane. På 1960-talet var det annleis. I 2020-åra må slike samanslåingar vere frivillige.
Det tredje kommunal- og distriktsministeren vil prioritere er å forsterke oppfølginga i Robek-systemet. Robek er ei register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse. Årsbudsjettet til desse kommunane blir kontrollert av Statsforvaltaren og dei må utarbeide ein tiltaksplan som sikrar at det blir orden i kommuneøkonomien att.
– Vi har sett i gang arbeid med eit «trinn to» i systemet dersom kommunar ikkje kjem tilbake i balanse gjennom dagens oppfølging, seier Skjæran.
Trinn to
– Det er viktig at Robek ikkje er ei straff – det handlar om kommunar med ubalanse i driftsinntekter og -utgifter. Ein kjem inn, får hjelp og kjem på rett kjøl.
Registeret blei oppretta i 2001, då med 57 kommunar på lista. I 2005 hadde talet vakse til 118 kommunar, men var nede i 10 i 2019.
No er talet på Robek-kommunar aukande igjen. Per desember 2025 er det 27 kommunar som blir økonomisk styrte av Statsforvaltaren, og det er venta at det blir fleire i åra framover. Difor vil regjeringa ha eit «trinn to» i oppfølginga. Kva dette skal innebere, vil ikkje Bjørnar Skjæran gå inn på.
– Om det betyr samanslåing, er for tidleg å seie. Vi har starta arbeidet, men vil avvente før vi konkluderer. Men det er ein del av verktøykassa for eit velfungerande system.
Det er uansett ikkje aktuelt for Arbeidarpartiet å leggje ned fylkeskommunen, slik Framstegspartiet og Høgre har foreslått for å redusere byråkrati og effektivisere forvaltninga. Det er heller ikkje planar om å slå saman fylke.
– Vi har no 15 fylke. Dersom det er fylkeskommunar som sjølv ønskjer samanslåing, skal vi støtte det, men det kjem ikkje som initiativ frå oss.
(©NPK)