Herold

Nå er det slutt på matservering til politikerene

Plus
Kilde: TA Author: Else Børte Published: 2025-12-26 14:32:26
Nå er det slutt på matservering til politikerene

Formannskapet åt nyleg dei siste rundstykka sponsa av Drangedal kommune.

I budsjettmøtet førre veke vedtok nemleg kommunestyret å ta vekk all bevertning i politisk møte og spare 95.000 kroner. Ordførar Stina Anlaug Sætre synest det er greitt nok å fjerne mat til politikarane på dagtid.

– Men eg synest dei folkevalde kunne fortent litt mat når dei kjem rett frå arbeid og skal på møte kveldstid, seier ordføraren.

– Bevertninga betyr mykje

SV røysta imot å ta vekk bevertninga. Nadja Marie Andersson (SV) fortel at ho heller ville gått ned 5 prosent i ordførarløn og politisk godtgjering.

– Bevertninga betyr mykje. Å vera lokalpolitikar er ein enorm jobb med ansvar. Maten gjer mykje for meg – serveringa har eit breiare perspektiv.

Det var Ap som opphavleg fremja forslaget om å ta vekk bevertninga, men dette var i ei større pakke for å skjerme barnevernet frå kutt. Ettersom det var noko feilrekning i det store reknestykket og ny informasjon frå kommunedirektøren om at bemanninga til barnevernet ikkje stod i fare, så var det bare bevertningskuttet som stod att. Frp hadde også inne bevertningsstopp på kuttlista si.

Nadja Marie Dukefoss (SV), Arnt Olav Brødsjø (Felleslista H/V), Øystein Rugtveit (Felleslista H/V), Stina Anlaug Sætre (Sp), Magnus Straume (Ap), Aadne Røilid (KrF), Eivind Vrålstad (MDG) og Øivind Birger Løite (Felleslista H/V) røysta imot å fjerne bevertninga frå møta.

– Eg er på mange måtar einig med Nadja, men for vår del var dette kuttet ein del av ei pakke. Det blei litt holt når det blir ståande aleine. Det er ingen problem for meg å ha med matpakke, seier Elin Reiersdal (Ap).

Vand med å smørje niste sjølv

Dag Arild Brødsjømoen (Frp), som kom med forslag om å fjerne bevertninga, fortel at kommunen må spare der dei kan. Bernt Andre Andresen (Ap) synest det er rett å ta vekk bevertninga.

– Som handverkar er eg vand med å smørje niste sjølv. Me har teke vekk sommarfest og julebord for dei tilsette, som gjer ein skikkeleg god jobb og då gjev rundstykka ein beisk bismak. 90.000 kroner er ikkje så mykje, men dette er eit verdival. Ingen skal ha kake før alle har fått brød, seier Andresen og viser til Einar Gerhardsens politiske prinsipp om at velstandsgode skal bli fordelt rettferdig.

Likevel blei det kake. Arnt Olav Brødsjø (Felleslista H/V) hadde for høvet kjøpt inn kake av eiga lomme for å markere den siste lunsjen sponsa av kommunen. Den stod det «Takk for maten» på.

– Me skal nok klare oss over nyttår også. Eg smør niste, seier han.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (16)

Arnt Olav Brødsjø Felleslista H/V (organization) Bernt Andre Andresen Ap (person) Nadja Marie Dukefoss SV (organization) Aadne Røilid KrF (organization) Andresen (entity) Dag Arild Brødsjømoen Frp (person) Drangedal (place) Einar Gerhardsens (person) Eivind Vrålstad MDG (organization) Elin Reiersdal Ap (person) Magnus Straume Ap (person) Nadja Marie Andersson SV (organization) Ordførar Stina Anlaug Sætre (person) Stina Anlaug Sætre Sp (person) Øivind Birger Løite Felleslista H/V (organization) Øystein Rugtveit Felleslista H/V (organization)