VG har sett i krystallkula og spådd tabellen for Obosligaen 2026
Plus
Der finn me Sogndal langt nede på tabellen.
VG kallar det Kamikaze-tips for Obos-ligaen 2026 og skriv at det blir nok kanskje ein av dei vanskelegaste sesongane å spå.
Ikkje minst fordi det framleis er desember og mykje er uklart.
Seksten lag skal kjempa om opprykk og unngå nedrykk, og denne sesongen meiner VG at Sogndal hamnar i ingenmannsland. Heller ikkje gode nok for ein kvalifiseringsplass.
På direkte opprykk har VG plassert Strømsgodset og Lyn, medan Sogndal er heilt nede på 10. plass.
Journalist Jørgen Tjærnås skriv; «at etter eit skuffande 2024 låg Sogndal godt plassert inn i hausten, men med berre to sigrar på dei ti siste kampane blei det ikkje kvalifisering.
Store utskiftingar utanfor bana, og Sogn Avis skreiv nyleg ein lang kommentar der bodskapen er uro for det som skje.
Trenar Luis Pimenta har forlengja kontrakten. Mistar rutine i Per-Egil Flo. Får dei behalde toppscorar Oliver Hintsa og stortalentet Sander Granheim?»
Slik har VG tippa tabellen når Obosligaen 2026 er ferdigspela:
Strømsgodset
Lyn
Kongsvinger
Odd
Bryne
Stabæk
Egersund
Haugesund
Ranheim
10. Sogndal
Moss
Sandnes Ulf
Hødd
Åsane
Strømmen
Raufoss