Herold

Dette var sognevertskap på sitt beste

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Aud Søyland, Leira i Valdres Published: 2025-12-26 11:00:14
Dette var sognevertskap på sitt beste

I haust hadde eg ei veldig hyggjeleg oppleving i Lærdal, og den vil eg dela med lesarane av Sogn Avis, som ei lita «juleglede».

Syster mi og eg kom med buss frå Valdres og skulle vidare til Førde. Me såg fram til ein kaffikopp mens me venta, men kafeen var stengd, så me gjekk inn på Kiwi og spurde om det fanst kaffi å få kjøpt. Den butikktilsette stod og prata med ei anna dame då me kom, men føreslo bensinstasjonen.

Eg gjekk dit, mens syster mi sat på venterommet. Då eg kom attende, sat syster mi der med to koppar kaffi, sveler og sjokolade. Dama som prata med den butikktilsette, hadde kome med alt dette mens eg var ute, og ho skulle ikkje ha betaling. Ho var nok ei av våre nye landskvinner, ei som er vaksen opp med å ha respekt for godt vaksne damer.

I Valdres har me kurs for dei som skal vera «valdresvert» i jobben sin. Denne dama hadde neppe gått på kurs, men dette må vera sognevertskap på sitt beste.

Eg fekk dessverre ikkje takka henne, men håpar at nokon som les dette, kjenner den gåvmilde dama og kan formidla takken.

🏷️ Extracted Entities (4)

Valdres (entity) Førde (entity) Kiwi (entity) Lærdal (place)