Dei folkevalde har gjort eit vedtak som er diskriminerande
Plus
I saka om dei såkalla «robuste bustadane» i kommunestyremøtet 15. desember vedtok eit skuffande fleirtal at desse bør liggje «(...) i utkant av sentrumsbebyggelse med tilgang til offentleg transport». Korleis er det vi eigentleg ønskjer å behandle dei som treng ekstra støtte i kommunen vår?
Sjå for deg at du – eller nokon i familien din – får utfordringar som gjer at de treng hjelp til ein stad å bu. Sjå for deg at du er i ein sårbar situasjon, der du kanskje ikkje har tilgang til bil, eller ikkje greier å køyre. Då er det viktig å bu nær helsehjelp, servicetilbod og matbutikk. Og sjå for deg at du i ein slik situasjon blir plassert så langt unna dette, at sjølv det mest daglegdagse blir vanskeleg. Fordi politikarane har bestemt at du ikkje skal få bu sentrumsnært, men i ein utkant.
Kjem med nytt forslag etter uro rundt «robuste bustader»-plassering
Må leggje til rette
Det er klart at det ikkje er ei menneskerett å bu sentrumsnært. Samstundes er det slik at for nokre er det heilt avgjerande å ha tilgang til det sentrum har å tilby. Og ja – sjølv om det i utgangspunktet er den enkelte sitt ansvar å skaffe seg ein stad å bu, er det slik at dei som av ulike årsaker treng hjelp med dette, skal få det. Her er kommunen sitt ansvar å leggje til rette, jamfør St.meld. 13 (2023–2024).
Innbyggjarforslag sender sak om kommunale bustader til kommunestyret i Klepp
Kommunedirektøren peikar i saksutgreiinga på at dei som treng støtte her, er ei samansett gruppe med ulike behov. For å presisere eit viktig moment heiter det vidare: «Det krev at dei blir sett og møtt på dei behova dei sjølv har, og ikkje sett på som ei einsarta gruppe. Dette inneber at kommunen må tilby ulike verkemiddel og ordningar som kan romme dei ulike behova. Ein kan ikkje samle alle med behov for hjelp til bustad på ein plass eller i eit nabolag. Det innbyggjarane treng, som andre innbyggjarar, er ulike nabolag, omgjevnader og servicetilbod i nærleiken basert på sine behov» (Klepp kommune, 2025).
Kontrabeskjed: – Ikkje planar om småhus på Sporafjell
I ein utkant
Kva er det eigentleg vi har vedteke? I sentrum finst tenestene og servicetilboda som alle treng – også denne gruppa. Når dette i tillegg er ei gruppe som treng ekstra omsyn, kvifor skal politikarane då flytte dei til utkanten? I staden for gangavstand og enkel tilgang til apotek, lege og nærbutikk, skal dei måtte styre med buss. Og om dei verkeleg blir plasserte heilt i utkanten av kommunen: kven veit kva slags kollektivtilbod dei faktisk får? Særleg no, når Kolumbus truleg blir tvinga til å kutte i både rutetilbod og rutetider – også i vår kommune.
For å understreke: Dette er ei gruppe som treng akkurat det same som alle andre. Kvifor skal det då vedtakast at nett denne gruppa skal plasserast i ein utkant?
Det som kanskje er mest provoserande, er sjølve formuleringa om «utkant». Ja – rett nok i utkanten av eit sentrumsområde, men det er like fullt utkant. Og det er ikkje eit positivt ladd ord. Å degradere ei gruppe som kanskje ikkje har like lett for å kome seg rundt, som ikkje disponerer bil eller kan køyre, og som er i ein situasjon der dei treng ekstra støtte – og så plassere dei i ein utkant.
Kvifor i ein utkant? Er det for å unngå at desse bustadane skal forringe attraktiviteten til sentrale sentrumsområde? Eller for å flytte dei ut av syne – og dermed ut av sinn? Som Kolbjørn Sandve (SV) sa i kommunestyremøtet: Dette verkar som «(...) ein ny variant av ‘not in my backyard’» (Jærbladet, 11.12.25). Klart folk skal få hjelp – berre dei ikkje plagar meg og mine.
Vil ha omstridde kommunale bustader like ved barnehage
Diskriminerande
Det er sannsynlegvis berre eit spørsmål om tid før vi alle treng hjelp frå velferdsstaten. Nokre av oss treng meir hjelp enn andre. Men om det påverkar meg og mitt, vil eg helst sleppe å sjå det. Er det slik vi vil ha det?
Som det òg står i saksutgreiinga frå kommunedirektøren: «Innbyggjarar i kommunale bustader har rett til å bu i ein bustad tilrettelagt til sine behov utan at fellesskapet skal vere delaktig i avgjerda om kor denne bustaden skal liggje» (Klepp kommune, 2025).
Sjølvsagt skal vi ha eit levande demokrati, og sjølvsagt skal alle få kome med innspel om korleis samfunnet vårt skal vere. Men at andre skal gripe inn og meine noko om kor og korleis medmenneske med ekstra behov skal bu, er uverdig.
SV meiner dei folkevalde i Klepp har gjort eit vedtak som er diskriminerande overfor ei av dei mest sårbare gruppene vi har. Det er uverdig – og det skal ikkje vere slik i 2025. Det overordna målet i Bustad- og institusjonsplan 2022–2034 er at alle innbyggjarar i Klepp har like moglegheiter, og at kommunen har eit blikk for alle. I denne saka har det politiske fleirtalet sett dette til side.
Gjekk på milliontap då ho selde huset. Ho meiner det ikkje kan vera tvil om årsaka