Når menn i dress effektiviserer vekk folk i arbeidsklede
Plus
Eg har kompleks med mitt eige kjønn sitt stasplagg.
Ein ting er at eg tykkjer dress er frykteleg ubehageleg å ha på. Strammar der eg ikkje er bekvem med at det strammar, blir frykteleg fort flekkete på ein som meg og har ein lei tendens til «spjæra» ein eller annan plass i midjepartiet.
Noko anna er dressen som statussymbol. Ei gong i tida var eg ein som tok det dresskledde maktpersonar sa og gjorde for god fisk, men livet har lært at det var naivt.
Under folkemøtet for Lærdal sjukehus i oktober var det eit på sett og vis illustrerande og vakkert augeblikk. Leiar i Årdal kjemiske fagforeining, Torleif Sand, kom fram på podiet i sin umiskjennelege slentrande stil med sixpence.
Først jøgla han med «æresgjesten», helseminister Jan Christian Vestre. So small Sand til: «Det veit du med bakgrunn som bedriftseigar at har du ein avdeling som går dårleg, med feilbudsjettering og skjulte avvik, so er det eit leiingsproblem. Og då er det kanskje leiinga i den avdelinga som bør effektiviserast, før ein går den jævla enkle vegen og kuttar arbeidsplassar i form av folk som gjer sitt aller beste».
Sand slentra attende og sette seg på plassen sin, medan rekkja Helse Førde-direktørar/-sjefar/leiar fremst i salen sat like strigla og stive.
Eg hadde ei stund før skrive eit debattinnlegg der eg la mykje av skulda for uføret i Helse Førde (og andre helseføretak) på sentralstyremaktene og helseføretaksmodellen. Eg har ikkje endra meining, men etter ymse som har kome fram i helsedebatten hausten gjennom held eg meir og meir med «sixpence-Sand» når det gjeld denne saka.
Ikkje minst etter å ha lese «nedleggingsutgreiinga» for ortopedien. Eg rekna med den skulle framstå solid, vasstett og uangripeleg – når direktørane i Helse Førde har ei årsløn på typisk to millionar ventar ein at dei er av dei aller beste i klassen på slikt.
Men etter kvart som eg les meg nedover stussa eg støtt og stadig over både formuleringar, utrekningar og «val av tal». Når folk eg har snakka med som har bakgrunn innan helse og/eller økonomi sit med same inntrykk, byrjar det å bli vanskeleg å halda fingrane frå tastaturet.
Og når sjefsdirektøren sjølv, Arve Varden, skryt uhemma av sine eigne sitt utgreiingsarbeid på Helse Førde sine nettsider, då klarar eg berre ikkje lata vera.
Folk får vurdera sjølve, her er nokre punkt:
- Når det gjeld areal på Førde sentralsjukehus der den utvida ortopediske aktiviteten skal gå føre seg, består «analysen» av fem relativt korte avsnitt. Oppsummert står det her at drift- og eigedomsavdelinga meiner det er plass på nokre rom her og der – når det gjeld eksempelvis konsultasjon er det behov for «tre, kanskje fire rom». Så konklusjonen er at dette er «mogleg å få til» (rapporten sine eigne ord). Er det ein svært solid og tillitsvekkjande analyse av plassbehovet?
- Som kjent har Førde sentralsjukehus den kapasiteten det har etter at det nye Livabygget opna i fjor. At det no arealmessig er «mogleg å få til» utvida ortopedisk aktivitet om lag tilsvarande det Lærdal og Nordfjord har – tyder det at ein planlagde å samla ortopedien (eller flytta noko anna til Førde) allereie då ein prosjekterte bygget for mange år sidan? Eventuelt, bygde ein større (og dermed dyrare) enn naudsynt eller tek ein no plasskapasitet som var bygd for å møta framtidas kapasitetsbehov? Alternativa er om lag like lite tillitsvekkjande, men dette med arealkapasitet for framtidig behov er jo heilt grunnleggjande i ein slik analyse.
- Når det gjeld auka transportbehov startar utgreiinga med at det i dag ville ha kosta 1,9 millionar i pasientreiser å få den «ekstra» pasientmassen til Førde kontra Lærdal/Nordfjord. Då er ikkje ferjeturar og bompengar med, for det er eit «svært komplisert reknestykkje». So rundar dei summen ned til mellom 0,5 og 1,5 mill, eit temmeleg røft overslag altså - og grunngjev reduksjonen med samkøyring, auke i digitale/telefoniske konsultasjonar, konservativ behandling og fokus på å få ned tal røntgenundersøkingar
Det er no ei lettvinn tilnærming i seg sjølv, men neste kapittel handlar om ambulanseteneste og startar med at «Det er krevjande å framstille ambulanseforbruk og aktivitet fordelt ned på fagområde og avdeling i sjukehus på ein fullstendig måte». Så kjem eit resonnement over nokre avsnitt utan at det endar opp i noko kostnadsauke i det heile – samstundes som utgreiinga altså rundar ned kostnader til pasientreiser «mest mogleg». Dei drygt 2900 øyeblikkeleg hjelp-pasientane som i dag blir handterte i Lærdal og Nordfjord, skal dei haika til Førde, då – eller er det dei kommunale legevaktane som skal ta dei?
- Ei uroleg verd og stadig fleire og større naturhendingar grunna klimendringar gjer at det er stilt større og større krav til auka beredskap i Noreg dei siste åra. 2026 er totalforsvarsåret då me skal «styrke Norges evne til å forebygge og håndtere sikkerhetspolitiske kriser og krig (..) Da må alle være med.»
Men ikkje Helse Førde, tydelegvis. Dei skal byggja ned totalberedskapen i Indre Sogn – noko dei innrømmer i ROS-analysen: «Det blir færre ressursar tilgjengeleg i området kring lokalsjukehusa ved større hendingar».
Dei bøtande tiltaka her er å sikra naudsynt opplæring for handtering av CBRNE (ulike typar typiske terror-/krigsskader) og «oppdatera beredskapsplanane i tråd med tilgjengelege kapasitetar». Er det ei solid og brei analyse med tillitsvekkjande bøtande tiltak for den mest påtrengande og potensielt katastrofale samfunnsmessige konsekvensen i regionen? (Lærdal vart forresten kåra til Vestlandets farlegaste kommune for ein del år sidan)
- Utgreiinga diskuterer i kva grad ei nedlegging vil føra til omdømetap for Helse Førde, og kjem fram til følgjande: «Vil vere mest uttalt i ein overgangsfase og det vil kunne ta fleire år å få denne ned til «normalen»». Utgreiinga diskuterer også kor vidt Helse Førde vil «mista» pasientar til Voss, og konkluderer: «Truleg er sjansen for dette størst i Aurland».
Konklusjonane er i beste fall naive. For aurlendingane er det mykje kortare til Voss enn Førde, frå Lærdal vesentleg kortare og frå Årdal litt kortare, pluss at det altså er ferjefritt. Legg ein til raseriet over ei nedlegging av ortopedien i Lærdal i spesielt desse kommunane, men også til dels i andre sognakommunar, kan eg vedda mykje på at veldig mange vil orientera seg mot Voss heller enn Førde. Også mot Haukeland for meir spesialiserte tenester.
Og me sogningar gløymer ikkje dette om nokre få år, så det er neppe eit spørsmål om kor lang tid det tek før omdømet er nede att på «normalen». Spørsmålet er kva den nye normalen blir.
Eg kunne ha trekt fram ein liten haug punkt til, skyving av ansvar over på allereie pressa kommunehelsetenester til dømes. Men me må vidare til sjølve innsparingstala. Her kjenner eg meg på noko tynn is, men eg blir vel fort nok direktørkorrigert om noko er misforstått:
Essensen i utgreiinga er at tenester ein brukar vel 48 millionar kroner på i løns- og personalkostnader ved Lærdal og Nordfjord sjukehus i dag skal kunne løysast for vel 24 millionar kroner i løns- og personalutgifter ved Førde sentralsjukehus. Gjennom «stordriftsfordeler» meiner dei altså ein kan om lag halvera tal tilsette, 23-24 færre årsverk så vidt eg forstår, og ha tilnærma same ortopediske kapasitet.
Eg er freista til å gå gjennom tala og setja spørsmålsteikn ved realismen i dei, men då ville eg framstått enno meir cocky enn eg har gjort til no. For ein utanforståande er det også vanskeleg å skjøna samspelet både mellom dei ulike avdelingane og sjukehusa, og korleis dette påverkar økonomien.
Men eg dristar meg likevel til å nemna to moment:
- Det står at løns- og personalkostnader ved ortopedien i Lærdal er på vel 34 millionar, ved ortopedien i Nordfjord på knappe 6 millionar. For at reknestykkjet skal gå opp er det altså 8,5 million til som skal sparast i løns- og personalkostnader, og slik eg tolkar framstillinga består dette i å tilnærma leggja heilt ned avdeling for anestesi, intensiv og operasjon i Lærdal. Her er det ikkje opplyst direkte om løns- og personalkostnader, men 11,2 årsverk ligg inne i matrisene, som vel skulle tilseia 10-11 millionar. Altså nesten ingenting att.
- Ortopedien i Lærdal har ein ortopedisk rehabiliteringsseksjon med fire årsverk, dette reknar eg med er fysioterapeutar og eventuelt ergoterapeut. Utifrå lista med dei 24,3 årsverka som skal koma i Førde ved samling der, ser ikkje rehabiliteringa ut til å bli erstatta. Om det tyder at Førde sentralsjukehus har vesentleg overkapasitet på rehabilitering frå før, eller om dei skyv ansvaret for pasientar med slike behov over på kommunane og andre helseføretak, klarar eg ikkje lesa av utgreiinga.
For ordens skuld er det nemd 7-8 millionar i investeringsinnsparingar fordi ortopedien i Lærdal har noko utstyr som må skiftast ut snart. Eg tvilar ikkje på at det stemmer, men dette er ein liten eingongssum i den store samanheng og bør difor vektleggjast minimalt.
For å oppsummera: Utgangspunktet før utgreiinga var å spara 30 millionar ved å samla ortopedien i Førde. Det er vorte til 24 millionar i utgreiinga, og då ser det ut til å inkludera tilnærma nedlegging av avdeling for anestesi, intensiv og operasjon i Lærdal - som står for vel ein tredel av innsparinga - og rehabiliteringskapasitet på fire årsverk som ikkje blir erstatta.
24 millionar spart er unnateke auka transportkostnadar. Dei 24 millionane skal sparast ved å kutta om lag like mange tilsette og flytta heile aktiviteten til nokre ledige rom på Førde sentralsjukehus, som er «mogleg å få til». Arealanalyse ferdig.
Det skal me stola på at denne leiinga fiksar – den same leiinga som varsla om urovekkjande økonomisk utvikling i føretaket heilt i starten av året, som så innførte tilsetjingsstopp, men som likevel hadde tilsett nye tilsvarande 43 årsverk (av desse nesten to tredeler på Førde sentralsjukehus, medan det var vorte tre færre tilsette ved Lærdal sjukehus) i løpet av årets første ni månader.
Også me sogningar skjønar at ei leiing må leita etter innsparingar når ein styrer mot eit digert underskot. Men når ein altså har tilsett nye til ein driftskostnad på kring 30 millionar, og så skal kutta 40 tilsette i Lærdal ved å leggja ned ei svært populær avdeling og også ta frå Nordfjord det vesle dei har av ortopedi – og putta denne aktiviteten og desse tilsette innatt i leiarane «sitt eige sjukehus – ja, då raknar det.
Helse Førde erta dei på seg ytresogningane ved å leggja ned Tronvik i Høyanger i 2023, erta på seg ytre deler av Sunnfjord ved å flytta diverse tenester til Førde frå Sunnfjord medisinske senter i Florø i 2024, og vekkjer no ramsinne i nordfjordingar og indresogningar i 2025.
Dei ofrar tenester og eige omdøme over ein låg sko nærast heile vegen rundt passarspissen dei sjølve sit i, og likevel verkar dei til å ha null kontroll på eigne tilsetjingar – som ein skulle tru var mykje enklare enn å halvera og flytta ein arbeidsstokk, samstundes som ein skal oppretthalda kapasiteten om lag som før.
Kor lenge skal ein slik leiarskap med si astronomiske snittløn (i høve andre offentlege administrasjonar) få ha livets rett?
So lat oss avslutta med ein annan dresskledd herremann – helseminister Vestre, som har den øvste makta over sjukehusa. Første gong eg såg han «live» for nokre år sidan tenkte eg at han her blir Ap sin neste statsministar.
Eg er meir i stuss etter saka om lovnadsbrot på gratisferjer og studiegjeldsletting i første versjon av statsbudsjettet. Likevel gjekk han berre veker etterpå på podiet i Lærdal idrettshall og lovde at Lærdal sjukehus ikkje skal leggjast ned, attpåtil at det skal utviklast (Høyr sjølv i opptaket frå møtet her). Han gjekk også langt i å seia at funksjonar skal flyttast frå Førde sentralsjukehus til lokalsjukehusa.
So viss Helse Førde-styret faktisk let direktørane samla ortopedien i Førde utan at du løftar ein finger, Vestre, bør du jaggu fiksa andre og minst like viktige, gode og store tenester attende til lokalsjukehusa våre. Og det temmeleg kjapt, elles er du vorten ein som bryt det du lovar titt og ofte - eit kinkig stempel under slagordet «trygg styring».
Namnet dykkar er altså Arbeidarpartiet. Som den einaste attlevande høge beskyttar av helseføretaksmodellen, verkar det til at «arbeidarklassen» er vortne direktørar i dress og drakter med to-tre millionar i løn som effektiviserer vekk folk i kvite og grøne uniformar som bergar og betrar liv.