Flest husbrannar i desember: Her er brannsjefen sine tips til ei trygg jul
Plus
Noko av det kjekkaste med jula er også det som er mest brannfarleg.
Jula byr på så mangt. Og nokre av høgtidas mest framståande aktivitetar dreier seg rundt matlaging med høge temperaturar og julepynting med både levande og elektriske lys.
Du ser det for deg. Stearinlyset som nesten antenner gardina eller bomullsengelen som dinglar frå ovan i vindaugskarmen. Eit kaotisk samansurium av julelys med tilhøyrande leidningar, støpsel og fjernkontrollar.
Minst ein av sju sortar som svir seg i omnen medan alle kokeplatene er på full guffe og det oser av rotgrønsaker, svidd kjøkkenhandkle, fårekjøtt og surkål.
Desember månad toppar nemleg statistikken over brannar og branntilløp i bustad. Januar følger like bak.
Brannsjefen i Gulen og Masfjorden, Lars Jørgen Svendsen, har sett seg lei av brannar i jula som lett kunne ha vore unngått, og deler difor sine tips til ei trygg og brannsikker jul.
Brannsjefens tips til ei trygg jul
Levande lys
- Sløkk alltid lys når du forlèt rommet eller legg deg
- Bruk stabile lysestakar og sett lys på ubrennbare underlag
- Hald god avstand til gardiner, pynt og anna brennbart stoff
- Bruk gjerne LED-lys som er eit tryggare alternativ
Juletre og pynt
- Sørg for at juletreet står støtt og ikkje tørkar ut
- Slå av juletrebelysning om natta
- Bruk berre CE-godkjend elektrisk pynt
Matlagin*g*
- Gå aldri frå komfyren når du lagar mat
- Bruk helst komfyrvakt
- Hald kjøkkenhandkle, papir og feitt unna platene
Elektrisk utstyr