La ungane springe frå seg
Plus
Det føregår nå ein stor debatt om det samfunnet me har skapt oss.
Mange kjenner at dei slit med konsentrasjonen og både barn, unge og vaksne les mindre.
Stadig fleire barn diagnostiseres med ADHD og slit med å regulere seg sjølv. Enkelte studiar viser at er ein født i november og desember, er det 80 % større sannsyn for å få medikament for diagnosen, enn dei som er født i januar og februar.
I Danmark er det meir vanleg med fleksibel skulestart, her startar 1 av 10 året etter.
I Klepp var det berre 0,3 % som hadde utsett skulestart. Kunne ein del av diagnosane vore unngått november- og desember-ungane hadde fått starta året etterpå?
Det kan kanskje sjå ut som at ein diagnostiserer umodenhet, og at me har skapt eit system og ein skule som er for smal for den naturlege variasjonen i barns utvikling.
Innsats mot mobbing har ført til mindre mobbing – i to kommunar
Smarttelefon og dopaminavhengighet
Det er mange som peiker på at introduksjon av smarttelefonen og avhengighetsskapande algoritmestyrte sosiale medium ikkje bidrar i positiv retning i så måte.
Ein av dei er forskar Cecilie Evertsen ved Læringsmiljøsenteret på UiS. Ho snakkar om barn som er i ubalanse. Stadig fleire har problem med søvn.
Som det står i artikkelen frå forskning.no; «Studier over flere år viser at generell mobilbruk og digitale enheter på soverommet påvirker barns søvnkvalitet negativt. Smarttelefoner på barnerommet, påvirker barn og unges søvnkvalitet, og er assosiert med psykososiale problem.»
Foreldre går sammen om smarttelefonfri barndom: – Først gjorde vi alt feil
Det trengst ein landsby
Me snakkar ofte om «robuste barn». Ho meiner fokuset heller bør vere på robuste oppvekstmiljø. Så kjem robuste barn som ein konsekvens av dette.
Teknologi-gigantane har utvikla apper som er designa for å gjere oss avhengige.
Dei har mange likskapar med gode gamle einarma-bandittar som ein finn i kasino elles i verda. Målet er å la belønningssenteret i hjernen få hyppige gledesrus i form av dopamin, og stadig stimuli for å halde deg på plattforma og generere inntekter.
Slik skaper ein avhengighet og holder aksjeprisen til teknologigigantane høg.
38,4 prosent har lesekompetanse på laveste nivå: – En lesekrise
Start dagen med leik
Kombinasjonen av kort oppmerksomhetsspenn og ein stadig meir teoritung skule, fører til ukonsentrerte og umotiverte barn.
Eit mogleg tiltak for å motverke dette, er meir leik og fysisk aktivitet i skulen. I Stavanger har dei introdusert programmet Hjernevenleg skule, og har gjennom det ein time med samspel, aktivitet og leik (SAL).
I Tønsberg kommune har ein ei ordning som heiter «Leikande lett skulestart». Dette er innafor rammene til Utdanningsdirektoratet, og skuledagane blir ikkje lengre av å inkludere dette.
På denne skulen er kvar morgon ein leik
Me i Venstre er bekymra for utviklinga.
Dette må tas tak i både i heimen og på skulen. I Klepp-skulen gjerast det allereie ein del godt arbeid på dette, men det er mogleg me kan gjere meir, og lære meir av kvarandre.
Difor er me glade for at Venstre fekk einstemmig gjennomslag i utval for born og unge for å få ei orientering om korleis Klepp-skulane jobbar for å fremje aktivitet og leik for å motverke konsentrasjonsvanskar, redusere uro og bidra til auka trivsel og utvikling, og om Kleppskulen som eit fellesskap skal ha ei organisert satsing, liknande den i Stavanger eller Tønsberg.