Norsk skule treng eit nytt løft
Plus
Skulen skal gje oss moglegheiter, ikkje setje oss i bås. Likevel opplevast norsk skule i dag meir som eit system som prøver å presse alle inn i same trakt. Politikarane på venstresida må lære at elevar er forskjellige, me motiverast av ulike ting, men politikken behandlar oss som om me er heilt like. Resultatet er at altfor mange fell frå, mistar motivasjonen eller føler at skulen ikkje passar for dei. Det er ikkje me som er problemet, det er systemet.
Dette handlar i botn om kva slags skule me vil ha i framtida. I FpU meiner me at skulen skal vere for alle i praksis, ikkje berre noko som høyrest fint ut i talar og møte. Elevane er ulike, og det må skulen ta på alvor. Samstundes ser me at skuleresultata går ned. Då er det på tide å våge å prøve noko nytt. Me treng ein skule som tilpassar undervisninga etter nivå, gir rom for meir praktisk læring og ser styrkane til kvar enkelt elev.
No må me setje elevane først og gjere dei endringane som trengst. Ein skule som tek ulikskap og praktiske behov på alvor, er ein skule der fleire kan trivast, lære og utvikle seg.
Når politikarar i Frp snakkar om nivåinndeling i skulen, svarar venstresida alltid med å åtvara mot permanent nivåinndeling. Men det er ikkje det me vil. FpU ønskjer ikkje faste A- og B-lag. Me vil at elevar skal få jobbe på sitt eige nivå i dei faga dei har, og kunne bevege seg opp når dei utviklar seg. Slik vil elevane alltid oppleve meistring og framgang.
Arbeidarpartiet meiner nivådeling vil skape A- og B-lag og svekkje fellesskulen. Eg meiner det motsette: Me byggjer vinnarar, ikkje taparar. Ta dømet Oskar: Han er flink i naturfag, men slit i matematikk. Med nivåtilpassing kan han jobbe på høgt nivå i naturfag og lågare nivå i matte. Når han utviklar seg, kan han gå opp eitt nivå. Då får Oskar meistring i begge fag, og han kan utvikle seg i sitt tempo.
I dag blir altfor mange tvinga til å følgje eit fagleg nivå dei enno ikkje meistrar. Resultatet er at elevar mistar trua på seg sjølve, fell av og aldri får brukt sitt fulle potensial. Er det verkeleg slik me vil ha det i den såkalla fellesskulen?
FpU vil ha ein skule der meistring kjem før nederlag, der praktisk læring får større plass, og der alle elevar får moglegheit til å lukkast uansett nivå.