Nye P-avgifter for elbilar i delar av Florø
Plus
No må fossilfrie bilar også punge ut for parkering i sone 3 i Florø. Det vart bestemt i Kinn kommunestyre 16. desember.
Frå no av må også elbilar betale parkeringsavgift i Sone 3 i Florø. Dette gjeld parkeringsplassane ved:
- Florø ungdomsskule
- Florø omsorgssenter
- Austre enden av Markegata
- Hamregata
På private parkeringsplassar, som ved Bil & Hamneservice og Kinnvegen 4 (tidlegare Nye Spar), har elbilar og fossilfrie bilar allereie betalt avgift ei stund.
Ifølgje dagleg leiar i Florø Parkering, Anita Eikevik er dette ein nasjonal trend. Ho trur det er forståing for endringa, sidan det no er så mange elbilar på vegane.
Kven får inntektene?
Inntektene frå parkeringsavgifta går til Kinn kommune. Florø Parkering samlar inn pengane og betalar ein del av dei vidare til kommunen. Hamregata er eit unntak, der det er ei eiga avtale mellom Florø Parkering, Kinn kommune og teknisk drift.
Vintervedlikehald
Florø Parkering har ansvaret for vintervedlikehaldet på dei kommunale parkeringsplassane, som brøyting, kosting og strøing. Denne vinteren har vore mild, noko som har ført til låge utgifter så langt.
– Vi har berre hatt éin runde med brøyting og strøing. Men vinteren er enno ung, og dette kan endre seg, seier Eikevik.
Det er Terøy Maskin som utfører vintervedlikehaldet på oppdrag frå Kinn kommune.