Valdres Radio får støtte til innovasjon: – Eg er lykkeleg
Plus
Radiokanalen får ein god slant av Medietilsynet i årets innovasjonstilskot.
*VALDRES: *– Det er jo veldig stas, seier Siv Monica Sletten, dagleg leiar i Valdres Radio.
Radiokanalen får 300.000 kroner av Medietilsynet i årets innovasjonsstøtte. Det skal gå til «forenkling av redaksjonell lydproduksjon for Valdres».
– Kva er dette?
– Det er diverse loggar og datasystem. Summen er øyremerkt for slike ting.
*– Er 300.000 kroner ein stor sum for de? *
*– Ja. Det hjelp oss langt. Eg er lykkeleg over at vi fekk pengane. Det er ein ekstra giv for å dra lasset vidare. *
Fakta om innovasjonsstøtta
Hjelp nå eit større publikum
Medietilsynet fordeler nær 24 millionar kroner i innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium. Av rekordhøge 87 søknader får 49 prosjekt pengar frå støtteordninga.
– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, i ein pressemelding.
I år går om lag tre av fire støttekroner, totalt omkring 17 millionar kroner, til små, lokale medium.
– Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg, seier Sekkelsten.
– Kva synst du om dette, Sletten?
– Det er kjempeflott. Det gir oss ein moglegheit for oss til å kome oss ut på nettet, og nå eit større publikum, fleire valdrisar der ute i verda. Ein lyt følgje med i tida.
Attende i Valdres Radio: – Vegen har vore lang og trøblete
Fleire kunne søke i år
Kultur- og likestillingsdepartementet gjorde tidlegare i år endringar i forskrifta for tilskotsordninga slik at fleire typar medium kunne søke.
Blant dei 87 søknadene i år var det derfor større breidde enn det har vore tidlegare, og nokre nykommarar i søkebunken fekk støtte.
Daniel Kvammen tek turen over åsen til Leirskogen