Må vi framleis ha med Knoll og Tott og Jens von Bustenskjold for å feire ekte norsk jul?
Plus
SKRÅBLIKK: Planlegg du å invitere Knoll og Tott til julefeiringa i år også? Og synest du det blir litt ekstra julestemning med Jens von Bustenskjold på salongbordet og Vangsgutane i bokhylla?
Det er mykje rart som høyrer jula til. Aldri elles i året er vi så bundne av tradisjonar. Vi vil ha det som vi har hatt det før – gjerne også slik vi hugsar det frå barndomen.
Handlelistene våre i desember er styrte av tradisjon. Vi kjøper dadlar, fiken og nøtter – sjølv om vi aldri saknar det elles i året. Og mange kjøper julehefte – sjølv om dei sjeldan blir lesne.
Det er nok å velje i – både av dadlar og julehefte. Og tilbodet på julehefte er endå meir mangfaldig enn tilbodet på dadlar.
Eg finn faktisk dei same julehefta no som dei eg hugsar frå min barndom: Knoll og Tott, Vangsgutane, Tuss og Troll, 91 Stomperud, Smørbukk – og Jens von Bustenskjold.
Truleg inneheld dei òg om lag dei same historiene som før, med små justeringar. Kaptein Vom i Knoll og Tott slit sikkert framleis med podagra, og Stomperud hamnar i kakebua. Podagra var faktisk den første framande diagnosen vi lærte om som barn.
Vangsgutane lever truleg det same trauste bygdelivet som før, og får dei som les dette til å tenkje at dei aldri skal busette seg i Bygde-Noreg. Om dei også les Jens von Bustenskjold, blir dei sikkert endå meir overtydde om at bylivet er betre.
Jens von Bustenskjold dukka opp som teikneserie alt på 1930-talet, og var svært populær. Det vart endåtil laga ein film om han. Smørbukk er endå eldre. Han debuterte i 1841 i Asbjørnsen og Moe sine Norske Folkeeventyr.
Vangsgutane dukka først opp i 1940, fire år før Tuss og Troll. Frå Amerika kom Knoll og Tott. Dei starta som teikneserie der borte i 1897. Til Norge kom dei først i 1909, som serie i eit vekeblad.
At desse merkelege teikneseriane vart ein norsk juletradisjon, er nokså spesielt. Endå meir spesielt er det at dei framleis høyrer jula til. Og ekstra spesielt synest no eg det er at Jens von Bustenskjold inngår i dette selskapet.
Om de lurar på kva de skal kjøpe til barnebarna i år, trur eg ikkje de skal satse på dette juleheftet.
Forresten treng de ikkje kjøpe eit einaste. Leit no litt i julekassane, så finn de sikkert tidlegare utgåver. Dei lagar like god julestemning som årets utgåver.
Så må de alle ha ei god jul – med eller utan Jens von Bustenskjold og Knoll og Tott.
janperstyve@gmail.no