Herold

Travel tid for skreddaren: – Eg er så fornøgd med at me har skreddar i byen

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-12-24 14:00:00
Travel tid for skreddaren: – Eg er så fornøgd med at me har skreddar i byen

Skreddaren i Elvegaten i Egersund har mykje å gjera i desember.

Hussam Zanabili sit bøygd over ein av dei fire symaskinane sine. Han arbeider med ei dressbukse, som skal syast ut litt og leggjast opp.

Det er dagen før julaftan, og det er travelt i skreddarverkstaden. Anne Ma Skaara kjem innom for å henta ein kjole ho har fått lagt opp. Ho er godt fornøgd med skreddaren i Elvegaten, og ho bruker han ganske mykje.

Det gjer Leif Sigurd Fisketjøn òg. Han kjem innom for å henta ei skjorte som var gåen i ein saum.

– Eg er så godt fornøgd med at me har ein skreddar i byen, seier han, og legg til at han veit om andre òg som meiner det same.

– Dette tilbodet er eineståande, seier han.

Hiv seg rundt

Hussam Zanabili er glad for å høyra at kundane er fornøgde. Han har drive verksemda si i Elvegaten i fire år nå, og han er opptatt av å yta god service. Viss nokon treng å få plagget sitt tilbake kjapt, så hiv han seg rundt.

– Eg seier til alle at viss det hastar, så kan eg gjera det med éin gong.

Fleire av klesbutikkane i byen er faste kundar hjå Hussam. Dei leverer plagg til han for justering når kundane deira treng det, og desse oppdraga står for ein god del av den totale arbeidsmengda. Men mange privatpersonar er òg innom. Nokon kjem heilt frå Jæren og Stavanger.

– Dei har vel høyrt at eg er flink og at eg leverer raskt, seier syraren, som kom til Noreg for ti år sidan.

Han liker i grunnen godt desse travle desemberdagane, for han er glad i folk.

– Ja, kundane er så greie med meg. Dei er ikkje bare kundar. Eg ser på dei som vener, seier han.

Har to jobbar

Hussam Zanabili arbeidde som skreddar i Syria òg. Før krigen braut ut i Syria, rakk han å opparbeida seg 15 års erfaring frå familiebedrifta. Men nå konsentrerer han seg om verksemda si i Egersund, som han har planar om å utvida til òg å omfatta vaskeri og reinseri.

– Det trengst her i byen, seier han.

To nye symaskinar har han òg bestilt. Når dei er på plass, har han alt utstyret han treng for å utføra alle moglege jobbar.

39-åringen kombinerer skreddarjobben med jobb i Dalane Trykk. Han startar arbeidsdagen i skreddarverkstaden i Elvegaten og forflyttar seg til Eie på ettermiddagen. I kjellaren i Dalane Tidende-bygget begynner arbeidsøkta klokka 15.

– Du har det travelt?

– Ja, og det er bra. Det er litt stress, men eg er kjempefornøgd, seier skreddaren, som òg er utdanna helsefagarbeidar.

Historisk bygg i Strandgaten har fått nytt liv: Elisa har åpnet kreativ kafé

🏷️ Extracted Entities (13)

Elvegaten (entity) Hussam Zanabili (person) Egersund (place) Syria (entity) Anne Ma Skaara (person) Dalane Tidende-bygget (organization) Dalane Trykk (person) Eie (entity) Jæren (entity) Leif Sigurd Fisketjøn (person) Noreg (entity) Stavanger (entity) Strandgaten (entity)