«Julepresangen», ei lesarforteljing om tidlegare tider
Plus
Denne julehistoria handlar om brørne Ola, Bjarne og vesle Eivind. Ola er 11 år, Bjarne er 9. Vesle Eivind er ein veslevaksen kar på nesten fem år, som stadig har uhell med trehjulssykkelen sin.
Det viser på knea hans som er raude og oppskrapa, men Eivind gir seg ikkje, Han kjeftar på framhjulet som er i ubalanse. Det fører til knall og fall og blodige kne pluss mykje plaster på kryss og tvers.
Dei tre børene heng mykje samen seint og tidleg. Somme tider vil Ola og Bjarne finna på ting utan at veslekaren heng på dei heile tida. Ho Anna, mora til dei tre gutane, strevar med å driva garden og ta seg av tre aktive karar. Mjølking seint og tidleg slit på i lengda når husbonden er borte på arbeid i lange tider om gongen. Lars Inge, som er far til dei tre villstyringane, er styrmann på ein stor båt i utanriksfart. Han er borte frå familien mellom eit og to år om gongen. Ola og Bjarne saknar sjølvsagt faren sin. Vesle Eivind er litt av ein mammadalt, tykkjer brørne.
Det nærma seg jul i 1939, dei tre sønene til Lars Inge visste ikkje om faren kom heim til høgtida Det var uro i Europa og mora bad til Gud kvar kveld om at ektemannen måtte koma heim til ho og ungane før jul.
Ein eldre nabo hjelpte til når han slapp frå arbeidet på sin eigen gard, han var ungkar og barnlaus. Ungane kalla han for Krotakallen sidan skinnbuksene hans bråka når han gjekk bort til smia, som han dreiv ved sida av jordbruket. Skinnbuksene skulle beskytta han mot glørne frå gruva når han smidde nye hestesko til ho Frøydis, som hesten hans heitte. Frøydis var ei gamal fjording som hadde sett sine beste dagar.
Dei tre brørne var bortom smia støtt og stadig, for dei var svært nysgjerrige på smeden sitt smedarbeid. Dei tykte det var spanande å sjå på. Ein kveld Ola og Bjarne var på veg heim frå akebakken med krubba på slep, stoppa dei ved huset til han Magnus på Leite og sette seg ned på krubba. «Ola,» sa Bjarne, «eg kom nett no i tankar om veslebror vår som styrer på med trehjulssykkelen og kvelvar heile tida. Kan me laga ei vogn til veslekaren, som han kan få til jul?» Ola tenkte seg om. «Det er no ikkje rette tida å laga ein Olabil no når det er vinter,» svara han. «Eivind bryr seg ikkje om årstid.» sa Bjarne, «Det blir ikkje lett å laga ein Olabil, men det kan gå om me brukar gamle delar.»
«Eg har det,» sa Ola, «me har ein gammal kjelke i løa som ingen brukar. Den har plass til to personar. Om me monterer akslingar framme og bak med hjul frå ei gammal barnevogn, så blir det ein resar. Me tek av meiane og sagar inn to hjulbuar på kvar side og monterer ratt framme. Me må og ramma inn sleden så ikkje veslekaren dett av.» Det var ein god idé, tykte begge. «Men då treng me hjelp av smeden og han Rein,» sa Bjarne. «Rein er ein tryllekunstnar med mekaniske greier endå han ikkje er meir enn nokre få år eldre enn oss. I morgon når me er ferdig med skulen, går me opp og snakkar med han om prosjektet vårt.» «Kvar skal me halda til når me byggjer Olabilen?» spurde Ola, «heime går ikkje for mor er redd for alt som køyrer fort. Når hesten vår, Trøy, set opp farten, så vert ho rasande på han for han langar ut heilt til han kjem ned på kaien i Støe, der meieriet tek mot mjølka frå kyrne våre. Då først stoggar han.» Begge karane tenkte så det knaka. «No veit eg det,» sa Ola, «me monterer saman doningen nede i kvernhuset til Gust-Andersen som ikkje er i bruk om vinteren.» «Ja. me leikar jo jamt der,» svara broren. «Veslekaren heldt seg normalt rundt husa, med små avstikkarar bort til han Johannes.» Begge gutane var samde i at dette var ein god idé. Så tusla dei heimover med olabil surrande oppe i hovudet. Krubba vart plassert i bislaget og kleda hengd opp på krokar klar til bruk neste morgon, fredagen var skule dag. Annan kvar dag på skulen passa Ola og Bjarne særs godt, for dei var aktive karar som hadde anna og gjera heime enn å gå på skulen.
«Det står mat på gruva,» sa mora, då dei kom inn i kjøkkenet. «Eg går no i fjøsen, kjem de bort om ei stund og lempar inn høy til kyrne og hesten? Han treng òg ei bøtte vatn, men pass dykk for hovane til Trøy, for han er ikkje i noko godlune i dag. De kan prøva med nokre sur eple først.» Mora knytte på seg fjøs-skautet. «Har de forresten sett katten i dag?» spurde ho. «Eg har!» ropte vesle Eivind inne frå stova. Eg stengde han inne i stykkja som straff for at Monse pusen beit meg i dag.» «Me skal sleppa han ut mor, for han ventar alltid på mjølkesilen når du har mjølka,» svara gutane. Mora bad Eivind kle på seg så han kunne vera med i fjøsen òg. Ho ville ikkje at han skulle bli att i åleine med varme i gruva. Han prøvde å protestera og klaga seg for vonde kne. Men mora stod på sitt og sa han kunne hjelpa brørne med å gi eple til Trøy. Då var han ikkje sein å be. Om kvelden snakka dei om jula og lurte på om det blei julegåver i år, ikkje hadde dei høyrt frå faren eller reiarlaget på ei god stund. «Me har ikkje så mykje pengar å rutta med no seinhaustes,» sa mora. «Den beste mjølke kua vår, Frøya, veit de me måtte slakta i haust. Har karane mine idear til bursdagspresang til vesle Eivind som er fem år på laurdag?» «Der har me full kontroll på, mor. Han får nokon av dei finaste leikane våre som han ikkje har fått låna før.» Så fortalde dei mora at dei ville laga ei julegåve til minste broren som han sikkert blei overraska for. Det vart hemmelegheita deira fram til jul.
Neste morgon var det full fart på skulen inne i utmarka. Læraren var i dårleg humør denne fredags morgonen. Det hadde han ein god grunn til, tykte alle i klassen, sju i talet. Han hadde ikkje fått ein einaste fisk om morgonen før skulen starta. Til vanleg tok Telleviken seg ein tur til sjøen på morgonkvisten og fanga seg mat til middagen.
Ola og Bjarne tenkte berre på Olabilen dei skulle laga. Kvart over to presis sprang dei to brørne ut døra og tok beinvegen ned mot Vassberget og vidare ned i Støe. Det bar rett opp til han Rein som dei fann i garasjen opptatt med å skru på noko dei ikkje forstod kva var. Dei to brørne helsa på han, og la ut om prosjektet dei hadde på gang.
«De har ein god idé,» sa Rein, «men den må planleggjast godt før de startar å byggja. De har bruk for smeden òg. Eg kan nok hjelpa dykk med noko av utstyret. De første de treng er å finna hjul og dei to akslingane. Sideplater finn de nok restar til nede på møbelfabrikken på kaien som de kan setja saman. Spør smeden om han kan finna ein kort styrestamme og laga eit bevegeleg ledd så kjelken kan styrast. Han kan laga ei handbremse òg, det hadde vore tryggare for alle.»
«Det var snilt av deg Rein å hjelpa oss. Om far hadde vore heime kunne me spurt han, men me veit ikkje kva tid han kjem,» sa gutane. «Me håpar at han dukkar opp til jul. Mor treng han og no for ho slit med det meste,» «Det forstår eg,» sa Rein., men ho er no heldig som har to slike kraftkarar som dykk til hjelp,» «No må me ned på butikken og handla litt for mor,» sa dei og la på sprang. Brørne gjekk til butikken og opna døra. Der var det ei bjølla som sa pling, pling. Så dukka ei ung jenta opp, ho heite Tina.
«Kva vil de luringar?» spurde ho. «Me må handla inn til blautkake til bror vår som har bursdag i morgon, han blir 5 år. Her er lappen frå ho mor,» sa Ola. Tina laga til ein pose og gav dei. «Det manglar mjøl, det må de kjøpa oppe hjå ho Marta, for me får ikkje varer før seinare i dag,» sa Tina. Dei sa adjø og tusla heimover via ho Marta. «Hugs Bjarne,» sa Ola, at me må pakka inn kvar si gåva til veslebror, det gjer me seinare i dag.» Først var det middag. Det var heimelaga pølsa med potetstappe til. Ola og Bjarne åt fort og spurde mor si om dei kunne gå frå bordet, for dei hadde ei viktig sak å ta seg av som hasta. «Eg vil vera med,» sa Eivind. «Nei broder, me skal i smia og der er det farleg for deg å vera,» svara dei. «Ikkje bli for seine,» sa mora. «Me er heime til fjøstid,» sa Bjarne. Så fòr dei på dør med varme klede opp til smeden som sto i smia og arbeidde med ei jernriva.
«Kva vil desse herrane i dag då?» spurde han. Dei fortalde om prosjektet dei kalla Olabil. «Doningen er oppkalla etter bror min, han Ola,» sa Bjarne. «Sjølvsagt skal eg hjelpa til, ungdommar,» sa smeden. «Det første de skal gjera er å gå opp på Stølen og henta den gamle barnevogna som far dykkar låg i. Den ligg i lag med anna skrot bak smalehuset hans Jørgen. På austsida av steingarden finn de vogna i ein krok. Dra den ned her til smia så skal me sjå kor mykje me kan bruka av vogna.» Ola og Bjarne sprang opp bakkane og hoppa over Tverrelva, så følgde dei steingarden på aust sida til dei såg skrothaugen. Eit stykke ned i boss dungen fann dei vogna som var ganske bra enno. «Flaks Bjarne, den er solid, det er akslingane og hjula med,» sa Ola. «Me dreg ho med oss ned til smeden, heile stasen. Pappen kjem garantert til å snakka ufint når han høyrer at det er delar frå barnevogna hans og den gamle krubba som har vorte Olabil.» «Eg må nesten le no,» sa Bjarne, «barnevogna og kjelken hans, det kan bli månelyst når førstestyrmannen kjem heim.» Det var hektiske tider for dei to brørne, som mest budde i kvernhuset etter skulen og i helgane. Gust-Andersen var oppom kvernhuset og kjefta på dei innimellom. Han trua med både Skittfoten og Juleretlå som var ute etter småungar på kveldane. Han ville ikkje ha gutane rennande rundt kvernhuset til stadigheit. Dei fortalde mora om skremslene Gust -Andersen ropte til dei. Ho sa at dei ikkje skulle bry seg. Det var berre gamle segn som han likte å skremma ungane med.
Få dagar før julaftan var Olabilen ferdig. Han sto nymåla og glinsande med krom frå barnevogna til støytfangar, og delar av ein gamal stol som sete og ryggstø og eit fint styre. Alt laga av skrot som vart til gull for dei to idérike karane med hjelp av Rein og smeden pluss møbelfabrikken på kaien i Støe. Alle bidrog til at Eivind skulle få den største julepresangen nokosinne. Vesle julaftan då alt var klart i kvernhuset, tusla dei to fornøgde karane heimover. Det var to trøytte gutar som gjekk i fjøsen den kvelden. Mora gjekk først og nynna på ein song. «Du er visst i godt humør i kveld, mor,» sa Ola. « Ja, det er eg, reiarlaget har sendt oss pengar og det er julaftan i morgon. Eg har bedt til Gud i fleire månader om at far dykkar må koma heim til jul,» sa ho. «Det kjem til å henda noko gledeleg i morgon for oss alle, gutar. Eg kjenner det på meg at noko er i emning. De er alle nokre kjekke karar som har hjelpt mor dykkar mykje siste året, noko eg har sett stor pris på.» Etter fjøsstellet var det graut til kveldsmat. Så bar det rett til sengs. Ola sovna ikkje med ein gong. Etter ei stund høyrde han nokon som gjekk i snøen og brukte øksa på stabben. Neste morgon då Anna gjekk i fjøsen, såg ho at det sto eit flott juletre ved bislaget. Det var ferdig kvista og kutta passe langt med juletrefoten festa. Ho drog treet inn i stova og reiste det opp. Her er noko på gang, tenkte ho. «Gutar, nokon har vore og henta juletre til oss, det er eit kjempefint tre,» sa ho. «Har julenissen vore her med det fine treet?» spurde Eivind. «Eg høyrde han før eg sovna,» sa Ola, «det var nokon som tusla utanfor bislaget og romsterte rundt. Nokon brukte øksa på stabben. Eg vart litt redd, men så sovna eg.»
Alle kledde seg i besteklede på julaftan. Smeden hadde tatt på seg fjøsstellet denne dagen, noko han gjorde kvar jul. Så fekk han verdas beste julemat til takk. Klokka seks om kvelden sa Ola til mora: «Me må alle ein tur ned i kvernhuset til han Gust-Anders for å henta den største presangen til vesle Eivind.» «Då får me kle oss,» sa mora. Så gjekk i dei samla flokk i 20 cm nysnø forbi han Magnus på Leite og ned til kvernhuset. «Her er noko rart,» sa Ola, «det er spor etter nokon store sko som ikkje var her i går kveld.» Bjarne gøymde seg bak mora. Han torde ikkje opna døra. «Det gjer eg,» sa Ola, «det er lys der inne.» Han gløtta inn døra, og der inne på kvernsteinen sat sjølvaste julenissen og smilte i skjegget.
«Hei og hå! God jul, godt folk. Her under sekken min finn du vesle Eivind julepresangen din, som brørne dine har laga,» sa han. Så trekte nissen av pleddet som dekka Olabilen som sto nede ved føtene hans. Doningen skein og blenkte i krom og kunstmåling. Eivind vart heilt stum. «God kveld, kone og ungar, og god jul alle saman,» sa nissen. Han tok av nisseutstyret. Då vart det liv i gutane. «Far, du er kome heim til oss på sjølvaste julaftan!» ropa dei i kor. «Ja, med ein stor sekk julepresangar,» lo han. Mora tørka tårer. Vesle Eivind jubla. «Den er min, den er min,» sa han og sette seg rett opp i Olabilen. «No kan de dra meg heim,» lo han. «Ola og Bjarne er verdas beste brør, far.» Det var nissefar heilt samd i. «Mor, no kan me spara på plasteret,» sa Eivind, «og buksene mine slepp du lappa meir.» Mora berre nikka. Ho var i sjokk over at mannen bak maska var sjefen i huset, som ho og ungane ikkje hadde sett på godt over eit år.
Så fortalde faren at han kom heim seint kvelden før. Då var det mørkt i huset, så han tok inn hjå smeden. Der fekk han vita om Olabilen gutane hans hadde laga. Så henta han juletre og sette fot på og kikka inn nede i kvernhuset. «Der såg eg dette vedunderet som sto på golvet, Eg ser at de har brukt den gamle barnevogna mi, At den var så fin, visste eg ikkje. Kjelken min har de òg nytta. No har Eivind Olabil i mange år,» sa han. Så rusla dei glade heim til ei varm stove og god julemat. Faren lova å vera heime i minst eit år no. (Han skulle berre visst om krigen som kom til Noreg 9. april.) Denne jula vart den besta nokosinne, tykte ungane og mora då julefreden senka seg over bygda.