Norsk mat treng ikkje berre vera høgtidsmat
Plus
Matkulturformidlar Andreas Viestad meiner distrikta våre må lære av utlandet når det gjeld å framheve matspesialitetane sine og at byane må tilby dei på matkarta.
– Vestlandet har nokre av dei mest spennande norske mattradisjonane. Som austlending har det vore spennande – og litt audmjukande – å oppdage kor stor del av den etande kulturarven vår som kjem frå den delen av landet. Ikkje berre pinnekjøt og smalahove, men ostar, bakst og det som kanskje har blitt min yndlingsrett, sursteik, ein rest av ein mange tusen år lang tradisjon for å konservere kjøt i sur myse, seier Andreas Viestad til Nynorsk pressekontor.
Viestad er kokk, matskrivar og grunnleggjar av Geitmyra matkultursenter for barn. Nyleg gav han ut boka «Vår norske mathistorie», om maten som har forma oss nordmenn og landet vårt. Han synest ikkje det står godt til med dei norske mattradisjonane.
– Eg trur at om vi skal få til ein god matkultur her til lands, må vi sjå til Italia – der byane ser til og løftar opp regionale spesialitetar og mattradisjonar. Norsk mattradisjon vil ikkje overleve om han berre skal vere ein distriktskuriositet, og ikkje mogleg å få servert i byane.
– Kokkar kan ikkje norsk mat
Målet med å skrive boka var å rette opp i ei misforståing. Dei siste tiåra har det blitt sagt at nordmenn har blitt meir interesserte i mat enn før. Det meiner Viestad er feil.
– Nordmenn har alltid vore interesserte i mat.
Samstundes ser han at den auka matinteressa det blir hevda at nordmenn har, er knytt til utanlandsk mat.
– Eg kom inn i matverda i ei tid med nye restaurantar, smakar og opplevingar, men det er rart at kokkar som meg ikkje kan noko særleg om norsk mat. Norske kokkar kan nemne 20 italienske rettar og nesten ingen norske. Dette har òg blitt eit nasjonalt problem.
Ved å fortelje historia om maten på norsk jord gjennom 10.000 år, håpar Viestad å auke det kulturelle medvitet, og kanskje endre kursen vi er på.
Vrangførestilling
Den kursen trur Viestad byrja ved nasjonsbygginga på 1800-talet. Der gjekk noko feil, i alle fall i matvegen. På den tida skulle nordmenn ta vare på og løfte fram språket vårt, folkeeventyra og folkedraktene. Det same har ikkje skjedd med matrettane våre.
Eit døme er frå den norske eventyrsamlaren og forfattaren Per Christen Asbjørnsen. Han skreiv boka «Fornuftigt Madstel – En tidsmæssig Koge- og Husholdningsbog» (1864), der han kritiserte den norske tradisjonsmaten, og dei som lagde han. Til motsetnad frå måten nasjonsbyggjarane såg språk, litteratur, målekunst og anna nedanfrå og opp, behandla Asbjørnsen i denne boka norsk mattradisjon ovanfrå og ned.
– Asbjørnsen var fascinert av dei rare historiene folk fortalde rundt bålet, og meinte dei hadde ein verdi. Men norsk mat var noko dumt, som dumme kvinner på kjøkenet laga. Frå dette har det starta ein tråd, som går fram til i dag, der ein meiner at den gamle handverkskunnskapen bak norsk mat, er feil eller dårleg.
«Bunadsmat»
Matkulturformidlar Andreas Viestad synest det er paradoksalt at det er så stor feststemning knytt til pinnekjøt og ribbe, men at vi et det så sjeldan. Han samanliknar det litt med å gå i bunad.
– Bunaden er jo ikkje eit skikkeleg klesplagg. Bunaden tek du på deg berre ved spesielle markeringar. Slik har det dessverre blitt med ein del av den norske tradisjonsmaten òg.
Han håpar matkulturformidlinga ved stader som Geitmyra kan hjelpe, men òg at boka hans kan gjere at fleire av «bunadsrettane» våre blir meir vanlege. Ikkje at vi skal ete smalahove og andre tradisjonsrettar kvar veke, men oftare enn i dag.
– For å få det til, burde restaurantar og kokkar i dei norske byane ha større medvit om kva mattradisjonar som finst i distrikta. Samstundes burde dei i distrikta la seg inspirere meir av korleis andre land, som Italia, tek vare på mattradisjonane sine og styrkjer regionale spesialitetar.
(©NPK)