- Mi oppmoding til oss alle er å løfta blikket og sjå om nokon treng oss
Plus
Ordføraren har skrive ei julehelsing til alle innbyggjarar i kommunen, der ho ynskjer alle ei god og fredfull julefeiring og eit godt nytt år.
Kjære alle saman!
Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld
Slik startar den finaste julesongen eg veit, med tekst av Jakob Sande.
I bygdene våre er det mange som tenner lys i desember, gjerne over heile huset og i hagen med. Dette er både til oppmuntring og «opplysing» i mørketida.
Me kan også tenne lys for kvarandre med gode ord og merksemd. Julegåvene er ei merksemd som bind oss saman. Det ligg mykje omtanke bak ei gåve, og særleg for dei yngste av oss ligg det mykje god forventning i å ønske seg, vente og håpe på kva som vert å finna under treet. I den samanhengen vil eg takka Frivilligsentralen for at dei også i år arrangerer julegåve- og matkasseaksjon for å bidra til at alle i Vaksdal har god mat på bordet og gåver under treet på julaftan.
Jula er ei tid der kjensla av utanforskap, einsemd og sorg kan bli forsterka for dei av oss som kjenner på dette i kvardagen. Mi oppmoding til oss alle er å løfta blikket og sjå om nokon treng oss, og bidra med litt tid og merksemd der det trengst.
Samstundes syns eg noko av det finaste med førjulstida er at det vert invitert til opne møteplassar i bygdene våre der alle kan delta. Julespel, juleverkstad, julekonsertar og allsong. Tenning av juletrelys. Marknadar med kortreiste julegåver og lokal mat. Det skjer så mykje fint som vert arrangert av skular, barnehagar, frivillige og profesjonelle krefter. Desse arrangementa gir oss høve til å vera saman på tvers av generasjonar og bygdelag. Tusen takk til alle som arrangerer og inviterer!
Eg vil retta ei varm takk til alle tilsette som sørgjer for gode kommunale tenester heile året, også i jule- og nyttårshelga. Eg vil også takka for alle henvendingar og møtepunkt med innbyggjarar i Vaksdal i 2025, og ser fram til nye møter i året som kjem.
Eg ynskjer dykk alle ei god og fredfull julefeiring og eit godt nytt 2026 i vente!
Beste helsingHege Eide Vik