Ei helsing frå Kinn og Bremanger – no er det jul
Plus
Jul handlar om fellesskap. Det er dette vi ønskjer å formidle med årets julevideo, der folk frå kysten – frå Kinn og Bremanger – har kome saman i det som er Vestlandets eiga julesong: Det lyser i stille grender. Kvar deltakar bidreg med éi linje, akkompagnert av Norvall Klungresæter sitt stødige pianospel. Videoen er laga av Jim Steven Igland, og vi kan røpe at det var fleire fuktige augekrokar i redaksjonen då vi såg resultatet for første gong. Dette er noko av det finaste vi har sett i år – ei påminning om det som bind oss saman. Vi håpar du også vil like den. God jul frå alle oss i Firdaposten.
🏷️ Extracted Entities (6)
Bremanger
(entity)
Kinn
(entity)
upublisert 🏷️
(keyword)
Jim Steven Igland
(person)
Norvall Klungresæter
(person)
Vestlandets
(entity)
📊 Metadata
Keywords: upublisert