«Alle» julesongar handlar om fellesskap
Plus
Julesongar er ein viktig del av jula for mange av oss, og kvart år kjem det mange nye vi kan kose oss med. Likevel er det ingen tvil om at det er «gamle klassikarar» dei fleste lyttar til.
«Alle» julesongar handlar om fellesskap
Jul handlar om fellesskap. Det er dette vi ønskjer å formidle med årets julevideo, der folk frå kysten – frå Kinn og Bremanger – har kome saman i det som er Vestlandets eiga julesong: Det lyser i stille grender. Kvar deltakar bidreg med éi linje, akkompagnert av Norvall Klungresæter sitt stødige pianospel. Videoen er laga av Jim Steven Igland, og vi kan røpe at det var fleire fuktige augekrokar i redaksjonen då vi såg resultatet for første gong. Dette er noko av det finaste vi har sett i år – ei påminning om det som bind oss saman. Vi håpar du også vil like den. God jul frå alle oss i Firdaposten.
Julesongar er ein viktig del av jula for mange av oss, og kvart år kjem det mange nye vi kan kose oss med. Likevel er det ingen tvil om at det er «gamle klassikarar» dei fleste lyttar til.