Gladmelding inn i jula: Det blir sol
Plus
Det er venta opphaldsvêr gjennom jula i Ullensvang og Eidfjord.
Det melder vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Susana Reuder.
– Det er venta rolege vindforhold, opphaldsvêr og periodar med sol, seier ho om dei komande dagane.
Tysdag, onsdag og julaftan, er det stort sett fint vêr og sol.
– Inn mot første og andre juledag er det litt meir varierande skydekke, men det er stort sett lett skya og litt sol innimellom, fortel Reuder.
Også i helga er det venta opphaldsvêr og periodar med sol. Elles blir det noko kjøligare inn mot helga.
– Temperaturen kan variere noko lokalt, seier meteorologen.
Elles er det òg venta rolege vindforhold så langt meteorologen kan spå. Høgt i fjellet kan det kome opp i frisk bris.
🏷️ Extracted Entities (5)
Susana Reuder
(person)
Eidfjord
(place)
Ullensvang
(entity)
Vestlandet
(entity)
Vêrvarslinga
(entity)