Lise gir vekk 200 julegåver: – Vi er nøydde til å sjå kvarandre
Plus
– Det er berre ein liten ting, men det skal ofte ikkje så mykje til.
Dei siste dagane før jul har mange og ein kvar fått ei lita julegåve av Lise Westervik Vetås.
Folk ho støyter på eller som er inne å handle hos henne på Bunnpris i Knarvik, har fått overrekt ein liten figur, med ein tilhøyrande lapp med ein positiv bodskap.
– Eg tenkte at folk treng ei lita oppmuntring, seier Westervik Vetås.
Og det har blitt godt mottatt.
«Såg du at eg trong dette no?» Er blant tilbakemeldingane ho har fått.
Ei oppmuntring
Sjølv er butikkmedarbeidaren glad for at ho kan vere med å spreie litt glede.
– Eg vil at folk skal kjenne seg sett og at nokon sender ein tanke i deira retning, seier ho og held fram:
– For vi er nøydde til å sjå kvarandre og vi veit at jula ikkje er den beste tida for alle.
Ho har gjort liknande stunt tidlegare, men ikkje i denne skalaen. Westervik Vetås bestilte 200 figurar og lappar som ho har delt ut dei siste fem dagane.
– Det er berre ein liten ting, men det skal ofte ikkje så mykje til. Eg blir alltid glad når andre viser at dei set pris på meg.