Søkjer ungdom til ein eigen redaksjon
Plus
Vaksdal kommune vil ta steget inn i den digitale ungdomskvardagen og lyser ut stillingar i ein heilt ny ungdomsredaksjon. Målet er å nå og engasjera unge i kommunen gjennom korte, ekte videoar på TikTok, laga av ungdom og for ungdom.
Med søknadsfrist 12. januar 2026, inviterer kommunen unge mellom 13 og 16 år til å vera med og forma innhaldet på den nye TikTok-kanalen. Dette er eit prosjekt som skal gje ungdom ei stemme og eit relevant tilbod.
Jannicke Sandvik, Oppvekstrettleiar i Tverrfagleg helse i Vaksdal kommune, fortel om bakgrunnen for initiativet.
- Me gjer dette for å nå ungdommen, og skapa ei motvekt til det innhaldet dei vanlegvis blir eksponert for og møter på sosiale medium. Målet er å engasjera ungdommen, og me trur me lukkast best når me samarbeider med dei som kan språket, seier Sandvik.
Ho understrekar at dette er ein del av ei større nasjonal satsing:
- Innan 2030 skal barn og unge få eit betre og meir tilgjengeleg psykisk helsetilbod, og barna si stemme skal vera med på å forma det.
Kva skal ungdomsredaksjonen gjera?
Dei fire som vert tilsette i prosjektstillingane, skal laga korte, ekte og engasjerande videoar. Innhaldet skal spenna frå kva som skjer i kommunen – som ungdomsklubbar, sommarjobbar og kulturtilbod – til viktige tema som psykisk helse, digital kvardag og inkludering. I tillegg skal det vera rom for å visa fram alt det gode som skjer i lokalsamfunnet, og sjølvsagt litt «tull og moro». Redaksjonen skal møtast ein gong i månaden for å planleggja og utvikla idear.
Kommunen ser etter ungdom som bur i Vaksdal kommune, er kreative, nysgjerrige og tør å prøva noko nytt. Ein tilbyr lønn, opplæring og rettleiing i alt frå idéarbeid, filming og redigering, til kommunikasjonsfag.
- Dette er ei unik mogelegheit til å få erfaring, bli del av eit kreativt og sosialt fellesskap, og ikkje minst påverka korleis kommunen snakkar til ungdom, opplyser Sandvik.
God respons og framtidsplanar
Responsen har allereie vore svært positiv.
- Me har fått god respons frå ungdommen allereie, heile fem søkjarar melde seg etter berre to dagar, og me gler oss til å setja i gang med prosjektet, fortel Sandvik.
Valet om å rekruttera ungdom mellom 13 og 16 år er bevisst.
- Me har valt å tilsetja ungdom mellom 13 og 16 år først og fremst fordi det er dei som går på ungdomsskulen og som me treff kvar dag. Når dei seinare startar på vidaregåande, kan dei i prosjektet bidra med erfaringar knytt til overgangen frå ungdomsskule i eigen kommune til vidaregåande i ein ny kommune, forklarar Sandvik.
Prosjektet er open for endringar.
- Det kan godt henda at det blir endringar undervegs. Prosjektet skal også evaluerast etter kvart, avsluttar Jannicke Sandvik, og ser fram til å sjå kva ungdommen i Vaksdal kan skapa.