Nytt band klare for Festidalen: – Dette er det gøyaste tilskotet til norsk hiphop på mange år
Plus
Festidalen kjem med nok eit artistslepp før jul.
Frå før er det kjent at Kjartan Lauritzen, Astrid S og Svart Ridå tek turen til Dønhaug til sommaren. I tillegg jobbar Festidalen med å skapa tidenes VM-fest i Kvinnherad.
No er det også klart at det blir litt hiphop frå scena i Uskedalen siste helga i juni. Rapkollektivet Gjenfødt Kultur frå Larvik tek nemleg turen over fjellet for å gi Festidalen-publikumet ein smak av rap.
Jobbar for å skapa «tidenes VM-fest» på Festidalen
«Dei rykka opp i eliten i 2025, og tar gullet i 2026. Dette er dei nye store i norsk hiphop. Ein klasse for seg. Og no rykker dei frå. Elegant, briljant og pakka med låtsnadder for gud og kvarmann. Gjenfødt Kultur, så uføreseieleg som kultur skal vera», skriv Festidalen i ei pressemelding.
Bookingansvarleg Daidalos Dahle gler seg:
«Dette er det gøyaste tilskotet til norsk hiphop på mange år. Dei surfar på glatte soul-beats, og serverer særs smittsam energi. Dette er eit av årets «feel-good-moments», uttalar han i pressemeldinga.
Astrid S til Festidalen