Herold

Engan ute av fengsel i USA: – Det har vore heilt jævlig

Kilde: NRK Author: Hilde Nilsson Ridola Published: 2025-11-26 01:09:17 Last updated: 2025-11-26 07:32:39
Engan ute av fengsel i USA: – Det har vore heilt jævlig

Tysdag kveld er norske Hanne Bredal Engan ute av fengselet i San Diego i USA. Ho må no bruka fotlenke fram til januar.

Les også

Forsvarer til norsk kvinne fengsla i USA: – Fyrste steg er å få henne lauslaten

Norsk kvinne løslatt fra fengsel i San Diego

Usikker på framtida i USA

Lokal journalist: Spesiell situasjon

Utgått visum

Les også

Norske Hanne blir lauslaten frå amerikansk varetekt mot kausjon

Må bruke fotlenke

– Det har vore heilt forferdeleg og eit mareritt.

Det seier Hanne Bredal Engan til NRK, med ein stor blomsterbukett og hunden i fanget.

Natt til onsdag norsk tid er ho ute av fengselet i USA.

– Det har vore heilt jævlig, seier ho.

Engan vart arrestert førre veke da ho møtte opp hos amerikanske utlendingsmyndigheiter for å formalisera opphaldsløyvet sitt.

Ho vart arrestert fordi ho hadde opphalde seg ulovleg i landet etter at visumet hennar gjekk ut.


Engan er diabetikar, og seier at ho i fengselet ikkje fekk insulinet ho trong, heller ikkje mat ho kunne eta. Ifølge Engan sat ho også i isolat i seks dagar.

Ektemannen Joshua Daguman seier til NRK at han var innom alle slags kjensler i løpet av dagen.

– Kvelden starta med glede og håp, etterfølgt av fortviling og at me lurte på kva som skjedde.

Det tok nemleg fleire timar før Engan vart lauslaten, trass i at papira hennar var i orden.

– Til slutt var eg berre utsliten og overvelda av kjensler då eg hadde henne hjå meg.

Opplevinga gjer at ho no vil vurdera framtida si i USA.

Ho ser bort på ektemannen som køyrer når ho utdjupar:

– Eg kan jo ikkje forlata mannen min heller. Men eg veit ikkje om eg vil vera i eit land som har behandla meg sånn, seier Engan til NRK.

Hanne Bredal Engan med ektemannen Joshua Daguman og hunden Asne på veg frå fengselet.

Engan og den amerikanske ektemannen hennar Joshua Daguman er svært kritiske til korleis ho har vorte behandla. Dei seier at dei vil saksøka fengselet.

NRK har tidlegare prøvd å få ein kommentar frå fengselet om forholda, men har ikkje fått svar.

San Diego-fengselet der Engan sat, er drive privat. Der er det fleire som ventar på rettshøyringar.

Salvador Rivera er journalist for TV-kanalen Border Report. Han seier at Engans situasjon er spesiell.

– Mange der inne kjem til å misunna henne, vera «sjalu» på all hjelpa ho har fått, seier han til NRK.

Journalist Salvador Rivera har følgt grensesituasjonen mellom USA og Mexico i mange år.

Det at folk vert arresterte når dei skal inn til intervju hos utlendingsmyndigheitene, er nytt i San Diego.

*– Me byrja å høyra om dette for eit par veker sidan, fortel Rivera. *

Han seier det er over 1000 personar som sit innanfor murane på fengselet no. Mellom anna folk frå Tyskland, Storbritannia, Canada og Australia.

Det privatdrivne fengselet i San Diego.

Dei fleste er ikkje dømde for noko, men vert likevel behandla som kriminelle, hevdar Rivera.

Fleire av dei har ikkje råd til verken advokat eller kausjon.

Engan kom til USA i juli 2022 på studentvisum. Ifølge ektemannen fekk ho sidan arbeidsvisum som gjekk ut i juli 2024, og paret gifta seg i oktober same år.

Ifølge ektemannen fanst det òg ein slags praksis på 60 dagars «slingringsmonn».

Difor meiner paret at Engan berre hadde opphalde seg ulovleg i landet i 27 dagar. Advokaten deira meiner det same, ifølge Daguman.

Brot på visumreglane er straffbart, og kan gi minst tre år utestenging frå USA.

Det kan vera formildande at ho er gift med ein amerikanar, og at praksis var annleis før Trump-administrasjonen skjerpa reglane.

*– Det er eit mindre lovbrot, ikkje eit brotsverk, seier Engan. *

Ho meiner amerikanske styresmakter ikkje hadde grunn til å fengsla henne. Den norske kvinna trur likevel det handlar om Trump-administrasjonen.

Engan er sett fri med pengar som venene hennar samla inn.

Kausjonen var sett til rundt 15.000 norske kroner.

Hanne Engan har no elektronisk fotlenke.

Tysdag vart det klart at Engan må bruka elektronisk fotlenke fram til saka om visumregelbrot skal opp i retten 7. januar.

Det betyr i praksis at ho må melda frå om ho drar utanfor San Diego.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr siste episode av podkasten til redaksjonen:

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».

🏷️ Extracted Entities (27)

Asne (entity) Australia (entity) Bredal Engan (person) Daguman (entity) Engan (entity) Engans (entity) Forsvarer (entity) Fyrste (entity) Hanne Bredal Engan (person) Joshua Daguman (person) Kvelden (entity) Lokal (entity) Mange (entity) Mexico (entity) NRK (entity) Norsk (entity) Norske Hanne (person) Rivera (entity) San Diego (person) San Diego-fengselet (organization) Spesiell (entity) TV-kanalen Border Report (organization) Trump-administrasjonen (entity) Tyskland, Storbritannia, Canada (organization) USA (entity) Usikker (entity) Utgått (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, USA