Herold

Forklarer merkelege bilde i meisterligaen: Her står over hundre kremplassar tomme

Kilde: NRK Author: Jørund Wessel Carlsen Published: 2025-11-26 05:26:16 Last updated: 2025-11-26 05:59:59
Utselt stadion og umogleg å få billett: Her står over hundre stolar tomme

Fleire av dei beste plassane på stadion blir ikkje brukte når Bodø/Glimt speler i meisterligaen.

Har skjedd fleire gonger

Ekstrem rift om billettar

Under kampen mot Juventus tysdag kveld var det svært mange ledige sete midt på hovudtribunen.

NRKs bilde frå stadion viser langt over hundre ledige sete på Aspmyra gjennom heile kampen. Nesten heile seterader stod tomme.

– Seta er selde, men dessverre ikkje brukte. Vi har ikkje kontroll på om folk møter opp eller ikkje, forklarer mediesjef Simen Pedersen i Bodø/Glimt til NRK.

TOMME SETE: Bildet er tatt undervegs i kampen. Fleire sete står tomme, mange av dei med eit klistremerke som viser at seta tilhøyrer Uefa. Bildet er tatt i 2. omgang.

Dette er ikkje første gong det skjer. Fleire gonger i meisterligaen er det fleire ledige sete i det same området, sjølv om kampen er utseld.

NRK veit at mange av desse plassane er reserverte for Uefa (Det europeiske fotballforbundet) og deira samarbeidspartnarar, såkalla VIP-plassar. Nokre er også reserverte for laga.

I reglane, som NRK har omtalt tidlegare, står det tydeleg at Uefa har krav på mange av dei beste plassane til seg sjølve og samarbeidspartnarane sine.

«Uefa skal ha gratisbillettar og tilgang til VIP-området til klubben for Uefa og partnarane sine. Desse billettane skal vere innanfor ein seksjon mellom 16-meterlinjene», heiter det i reglane.

Der står det også at Uefa har krav på 372 billettar i tilknyting til VIP-tribunen, noko som utgjer ein stor del av dette området, som er dei beste plassane på Aspmyra stadion.

– Vi ønsker sjølvsagt at alle seta blir brukte, det gjeld alle stader på stadion, seier Simen Pedersen til NRK.

MEDIESJEF: Simen Pedersen i Bodø/Glimt.

Alle kampane i meisterligaen så langt har vore utselt. Sjølv om vêrmeldinga tysdag inneheldt gult farevarsel var tribunen stappfull av gulkledde Glimt-tilhengarar som såg Bodø/Glimt tape 2-3 mot Juventus.

NRK har kontakta Uefa for å få svar på kvifor seta ikkje blir brukte. Dei har ikkje svart på NRKs førespurnad.

Bodø/Glimt svarer slik på om dei følger opp saka med Uefa.

– Vi er i hyppig dialog med Uefa rundt arrangementet rundt kampane, også rundt billettar, seier Bodø/Glimts Simen Pedersen.

TYNT: Til høgre i bildet skal Sondre Brunstad Fet ta straffe. Til venstre ser du mange av dei beste seta som ikkje er nytta. Bildet er tatt like før slutt.

🏷️ Extracted Entities (18)

Aspmyra (entity) Aspmyra stadion (place) Bodø/Glimt (entity) Bodø/Glimts Simen Pedersen (organization) Ekstrem (entity) Glimt-tilhengarar (entity) Har (entity) Juventus (entity) NRK (entity) NRKs (entity) SETE: Bildet (organization) Seta (entity) Simen Pedersen (person) Sondre Brunstad Fet (person) Uefa (entity) VIP-området (entity) VIP-plassar (entity) VIP-tribunen (entity)

📊 Metadata

Category: Bodø/Glimt, Mesterligaen
OpenGraph Title: Forklarer merkelege bilde i meisterligaen: Her står over hundre kremplassar tomme
Twitter Title: Forklarer merkelege bilde i meisterligaen: Her står over hundre kremplassar tomme