Herold

Tankar frå ein frustrert sjukepleiar

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Inger Therese Sanden Williams, sjukepleiar, ortopedisk seksjon, Lærdal Sjukehus Published: 2025-12-23 10:05:53
Tankar frå ein frustrert sjukepleiar

Kvar gong det blir snakka om kutt i helsevesenet, verkar det som om konsekvensane alltid hamnar hjå dei same: helsepersonellet som står i fyrstelinja, og pasientane som treng dei. Det er sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og andre som jobbar tett på menneske i sårbare situasjonar, som må springe fortare, jobbe meir og strekke seg lenger.

På små lokalsjukehus deler me oss opp i mange deler for å dekke fleire avdelingar. Omstillingsprosessar blir tredd nedover hovuda våre, og resultatet er slitasje, sjukefråvær og i verste fall at dyktige fagfolk forlèt yrket. Dette i ei tid det blir ropt høglydt om krisa med stor mangel på helsepersonell.

I ei nyleg undersøking gjort av NAV er det estimert ein mangel på 11.450 personar innan helse- og sosial sektoren, deriblant 3.100 sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og jordmødrer og 3.000 helsefagarbeidarar.

Samstundes veks ventelistene ved norske sjukehus. Pasientar ventar månadsvis – somme i årevis – på naudsynt behandling. Dette gjeld særleg innan ortopedisk kirurgi, der smerter, redusert funksjon og fråvær frå arbeid blir ein del av kvardagen for mange. Likevel er svaret altfor ofte kortsiktige løysingar.

Helseminister Jan Christian Vestre uttalar i ein artikkel i VG 15 desember 2025 at det vert brukt 18 milliardar på kjøp på private klinikkar for å ta unna køane. Kvifor kan ein ikkje i staden for investere langsiktig i dei offentlege og lokale sjukehusa våre?

Å handle privat gjev rask effekt på papiret, men det byggjer ikkje eit robust helsevesen for framtida. I mitt enkle hovud blir dette falsk økonomi. Millionane som går til private aktørar, kunne vore brukte på å styrke fagmiljø, sikre bemanning og utvikle kapasitet i dei sjukehusa som faktisk skal vere ryggrada i helsetenesta. Spesielt dei lokale sjukehus som nesten vert utryddingstrua.

Men kvifor er det slik?

Kvifor er det nesten aldri administrasjonen som blir nemnd først når sparekniven skal fram? Er det lettare å kutte ein sjukepleiar stilling eller leggje ned ei avdeling enn å stille spørsmål ved stadig fleire leiarledd, rådgjevarar, rapporteringskrav, konsulentbruk og byråkratiske strukturar?

Det er eit paradoks at eit helsevesen som ropar etter effektivisering, samstundes veks på toppen. Me får fleire skjema, fleire system og fleire møte – men ikkje fleire hender rundt pasientsenga.

Kva om me snudde perspektivet? Kva om me starta med å sjå på administrasjonen før me kuttar i tenester som faktisk reddar liv og skapar tryggleik? Er det verkeleg ingen rom for innsparingar i leiing, mellomnivå, prosjekt og kontrollfunksjonar? Er alle desse stillingane meir naudsynte enn dei som står i turnus, dag som natt, kvardag som helg?

Å kutte i administrasjonen betyr ikkje å fjerne styring eller ansvar, men å prioritere klokare. Det handlar om å bruke fellesskapets pengar der dei gjer størst nytte: på pasientbehandling, stabile fagmiljø og sterke, lokale sjukehus.

Eit helsevesen utan nok folk tett på pasienten er eit svekt helsevesen. Skal me ta ventelistene, personellkrisa og framtidas behov på alvor, må me slutte å spare oss til fant. Kutt der det gjer minst vondt – start på toppen.

🏷️ Extracted Entities (3)

Jan Christian Vestre (person) NAV (entity) VG (entity)